Reply To: Lisboa

#2886
Sten Ole
Participant

Første gjennomspeling av dette spelet var kjempetungt. Brettet er fullt av informasjon i ein uleseleg blå farge. Player-brettet ditt er like fullt og kryptisk. I starten av spelet får du utdelt ei bok med tittel “Player Aid”. Første møtet med spelet er som om du har fått ein jobb du er ukvalifisert for. Lacerda-effekten, kalles det.

Men gradvis begynner mekanikkane å openbare seg. Du lærer deg at du kan hente penger i banken. Du lærer deg at du kan bygge skip. Du lærer deg at du kan besøke nobles. Og så ser du at det er ei heilt anna side av brettet på andre sida av bordet. Du kan bygge bygningar som koster vanvittig med penger. Dette viser seg å vere kanskje det viktigaste i spelet. Du kan lage “public buildings” som viser seg å belønne dei som har bygd stores, så du føler seg som ein idiot når du gjer det. Så er det også ein kyrkje-track som kanskje gjer livet ditt enklare om du får rette velsignelsane, og ikkje i det heile tatt om gud berre har lagt igjen søppelvelsignelsar. På eit eller anna tidspunkt kjem augene på decrees. Spelet går mot slutten og du innser at alt du har gjort var strategisk forkasteleg og heilt utan synergi. Du innser også at hjernen din har lært seg å lese blåfargen.

Eg ser fram til neste gjennomspeling. Me klarer kanskje ikkje bygge opp Lisboa meir enn i går, men eg skal klare å stable fleire maktparykkar på hovudet utan at dei knekker nakken min.

Eg føler dette Lacerda-spelet skiljer seg litt frå dei andre. Det at du har ei hand med kort der eit kort blir brukt per runde føles ikkje typisk Lacerda. Det fungerer likevel greit for å drive spelet, men eg trur det kanskje var det som vanskeleggjorde læringsprosessen min mest. Korta i seg sjølv viser ikkje handlingen du skal gjere, men fargelegger handlingen når du gjennomfører han. Spelet har 3-4 vidt forskjellige måtar å bruke kort på og dette valet bestemmer meir handlingsrommet for turen din. Spelet har mindre interaksjon enn mange av dei andre han har laga. Så når me som spelarar har modna litt, vil det likna meir på Vinhos enn On Mars.

Reglar, reglar, reglar

Sell Goods
Du kan selge så mange goods du vil til så mange skip du vil.

Open Public Building
Om du ikkje har nok state officials til å bygge prosjektet, kan du kjøpe dei til 1 official per treasury marker-nivå. Med andre ord, veldig dyrt.

End of Turn
Det er på end of turn at kort og tokens blir refresha. Dette er for å hindre at du for eksempel bygger 2 my-little-pony-fabrikkar på same turen. Unntak er public buildings som refresher umiddelbart.

Overraskande lite anna
Fant ingenting anna av reglar som var annleis enn me gjorde.