Reply To: Cooper Island

#2902
Sten Ole
Participant

Dette er eit veldig kompetent designa worker-placement-spel med god ikonografi og flyt. Det virker som eit spel der ein kan gjere mykje forskjellig for å oppnå ein god score. Nesten uansett kva du gjer i starten så kan ein sikkert spele vidare i same sporet å få det godt til.

Mini-gamet du heile tida må jobbe med er å legge tiles på kartet. Desse kan legges i det uoppdaga innlandet eller oppå eksisterande bebyggelse for å vidareutvikle det. Optimalt sett bør du gjere dette på ein måte som passar med planane dine, men det er mange ting du må ta hensyn til underveis. Dette gir opphav til vanskelege dilemma. Du vil helst ha ressursar for å få til store bragder, men av og til må du berre passe på at folket ditt har nok mat. Av og til må du gjere dei verst tenkelege suboptimale trekkene for å løyse problem.

Som i dei fleste worker-placement-spel er det blokkering av handlingar, og det er derfor ein viss fordel med å vere først. I dette spelet er det brukt ein soft versjon av denne mekanikken. Du kan fortsatt gjere den blokkerte handlingen ved at du betaler eit lite vederlag til spelaren som gjorde handlingen før deg. Dette er nok til å motivere spelarar til å gå ikkje gjere akkurat det same. Samtidig, om ein absolutt vil gjere noko, så er det mulig.

Det einaste eg trur kanskje manglar med spelet er “replayability”. Eg trur kanskje etter at ein har spelt spelet 10 gongar så har ein sett alt som spelet har å tilby. Men då har ein allereie fått 50 timar med underholdning. Kanskje det er nok.

Dette er eit av dei betre spela i sin sjanger.