Reply To: Cooper Island

#2903
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar….

Forresten lite å påpeike her. Dei tinga me lurte litt på var som me hadde resonnert fram til.

Ein kan kjøpe “lokk” frå kva skip ein vil uavhengig av kvar harbormasteren står.

Skipa hoppar frå sandbank til sandbank og får bonusane som det hoppar over. Når ein islet-tile blir lagt der det står eit skip, legges skipet på den sida av sandbanken der tilen ikkje står. Det er altså opp til tile-leggaren om skipet skal få ein ekstra bonus neste gong det flyttar seg.

Første islet-tilen må legges til høgre for havna. Dei neste kan plasseres akkurat som du vil. Eg tippar tanken er at spelet ikkje vil gjere det ekstra lukrativt for spelarar å gå motsatt veg rundt klokka.

Når du får eit cargo-lokk, treng du ikkje å ta bonusen med ein gong. Du kan spare det til eit fornuftig tidspunkt.