Reply To: Twilight Imperium

#2905
Jarle Haktorson
Keymaster

Ny ekspansjon. Sju spelarar. Alt ligg til rette for ein bra dag/kveld.
Den generatoren me har brukt før har vore god. Den har laga asymetriske, men samtidig ganske så balanserte brett. Me kan ikkje bruke den denne gongen, då den ikkje har ekspansjonen i seg. Me er difor tilbake til “pizza-modellen” og at alle får utdelt tiles som dei legg ut ein og ein på omgang. Me følgjer dermed oppsettet i regelboka.

Men: Me bør gjere nokre tweeks i høve Setup (sjekk lenkje nedst for Living Rules):
Step 1: Når me avgjer Speaker, bør me også trille for kvar me skal sitje rundt bordet. Eks. trill 1d8 og plasser deg etter talet, trill på ny om oppteke nr.
Step 2: I staden for å velje faction fritt, bør ein få tildelt to stk.; ein random ifrå ekspansjonen og ein random ifrå hovudspelet. Så kan ein velje blant desse.
Step 6.2: I staden for at Speaker plasserer tiles rundt Mecatol, blir det trilla for plasseringa av desse.

https://images-cdn.fantasyflightgames.com/filer_public/51/55/51552c7f-c05c-445b-84bf-4b073456d008/ti10_pok_living_rules_reference_20_web.pdf