Reply To: Twilight Imperium

#2907
Jarle Haktorson
Keymaster

OK! Jarle sin lange prat om tid og poeng følgjer:

Når me spelar TI4, plar det ta sju-åtte rundar før ein når ti poeng. Ein runde plar ta ca. ein time. Dvs. i effektiv speletid (etter oppsett osv.) tek spelet sju-åtte timar.

I går var me sju spelarar som på åtte timar effektiv speletid ikkje klarte å fullføre fem rundar. Dvs. at rundane i snitt var meir halvannan time; ein 50 % auke i tid. Kor mykje som skuldast ekspansjonen og kor mykje som skuldast at ein var sju spelarar, er eg usikker på.

Konklusjonen er i alle fall at det varte for lenge. Slik eg les bordet når me gav oss, måtte me hatt tre rundar til for å vere ferdige. Då endar me opp på same talet rundar som før, sånn sju-åtte, men hadde vore ferdige i halv femtida om morgonen.

Ok, det hadde jo då vore til fjorten poeng; hadde me stoppa på ti poeng, hadde me berre treng ein runde til. Og det gir eit interessant poeng: For om me hadde stoppa på ti poeng, hadde me altså berre treng seks rundar for å nå den summen. Med andre ord: Ekspansjonen gjer det enklare å få poeng, då originalspelet «alltid» krev sju-åtte rundar.

Og det fører igjen tilbake til kvifor kvar runde kanskje tok for lang tid: Ikkje alle er fokuserte på poeng; då er det kanskje heller ikkje så lett å vite kva ein «vil», og ein endar opp med å sitje å tenkje eller berre gjere passive ting eller kaste seg ut i håplause krigar eller gi etter for hemnlyst eller berre seie pass.

Eg likar poengjakta i TI. Jo, det er jo kjekt å vinne, men mest fordi den motiverer meg til å lage ein strategi som eg heile tida må tilpasse meg. Kvar runde har eg som mål om å

a. Score eit Public Objective
b. Posisjonere meg for å score eit anna Public Objective i neste runde
c. Jobbe mot Secret Objective, ev. byte det ut.

I går klarte eg ikkje å score noko i runde 1, men i runde 3 hadde eg klart å score alle tre Secret Objective, samt Public i runde 2 og 3; eg hadde også sikra meg for ny Public i runde 4.

Det som dette gjer, er at det alltid gir meg plan. Grunnen for at eg difor av og til må tenkje, er på korleis denne planen skal setjast i verk. Slik som i går, i sisterunden før me gav oss, måtte eg tenkje på kva Strategy Card eg skulle ta; dette fordi eg ville posisjonere meg for TRE Public Objectives verdt totalt 5 VP på eitt trekk:

Ved å til slutt ende på Warfare, hadde eg opninga mot Ola sin passive Diplomacy, slik at eg kunne gå inn i det aktuelle systemet. Der måtte eg då ta med meg nok skip til å etterpå ha minst fem non-fighter skip i same system (1 poeng), fem Structures på fem planetar utanfor Home system (2 poeng, og eg hadde eit action kort som tok over Ola sine PDS’ar etter invasion), samt at dei to planetane eg tok hadde begge attachment til seg (2 poeng for å eige tre slike planetar).

Med andre ord; posisjonering for å score poeng; denne runden, eller neste (eller neste der igjen). Men det endar altså opp med: Det gir ein plan.

Det er nok difor eg likar TI4 så godt. Det er som eit avansert sjakk, der eg må analysere brettet og motspelarane sine trekk, samtidig som eg jobbar meg mot Objectives på hand eller på bordet. Heile tida med ein plan, og det er meir enn kva eg har i mange andre spel eg spelar.