Reply To: Twilight Imperium

#2908
Rune Hanssen
Keymaster

Twilight Imperium har for meg, etter mange spelingar, endra seg frå episk «exploration & development» til poengfokus.

Det er kjekt å leggje planar for å nå poengmåla, og som mekanisk speling fungerer det bra.

Det episke derimot har endra seg. All fluff og story er noko ein klistrar på i etterkant i staden for å føle det «live» i spelet.

Om eg skal samanlikne Twilight Imperium med episke spel som Here I Stand og Virgin Queen, kjem det til kort. Eg vil heller bruke ni timar på desse om eg får velgje.

Twilight Imperium er framleis eit bra spel, og eg trur det er kjekkare med fem spelarar. Kanskje til og med fire.

Ekspansjonen har eg ikkje noko å utsetje på. Om eg skal kommentere Sten Ole sin skepsis til den nye exploration-mekanikken, så trur eg den fungerer betre no når me veit kva den gjer. Det er berre å trekkje kort i stillhet, og annonsere oppdagingane om ein føler for det. Den gjev eit lite puff for å bevege seg på brettet.