Reply To: Feast For Odin

#2924
Jarle Haktorson
Keymaster

The Roast of Odin
Eg er meir fornøyd med punline på spelet enn spelet 😊 For: Dette var ikkje gøy. Det var masse små bitar og alt var mekanisk og ingen stemning eller logikk. Kvifor må maten stablast slik? Smakar den betre slik? Kvifor må brikkene liggje slik og slik? Tetris-elementet var heilt sentralt i spelet, men samtidig det som var kjipast. Tetris er gøy, men aleine på ein skjerm. Ikkje i brettspel. Hurra; eg reiser på vikingtokt og plyndrar kloster og kjem heim med…ein eller annan skatt som passar inn i puslespelet mitt. Det var ikkje det at spelet var vanskeleg; det var faktisk ganske lett, eller at eg ikkje fekk det til; eg fekk all-time second highest score; det var faktisk berre altfor kjedeleg å flytte brikker rundt om og spele Tetris. Då vil eg mykje heller spele Reavers of Midgard, der eg også flytter på brikker, men der er det kjekt og atmosfærisk. Men eg må vel berre erkjenne at eg ikkje er stor fan av Uwe Rosenberg sine spel… Eg har vel spelt..fem av spela hans, og ingen har vore superkjekke. Gøyaste har vel vore Caverna, samt eg av og til spelar Family ed. av Agricola med ungane heime. Rosenberg har jo mange fan i klubben, og utifrå mekanikkar etc. forstår eg at mange likar dette, men det er jo smak og behag. Så takk for laget Uwe; eg forstår at mange likar spela dine, men det er ikkje min cup of tea (eller min feast).