Reply To: Hallertau

#2933
Sten Ole
Participant

Hallertau…

Uwe Rosenberg viser seg igjen som eit geni i smooth designverk. Alt gir meining. Alt glir. Komponentane har perfekt synergi med mekanikkane. Spelet er i workerplacement/ressurskonverterings-sjangeren. Temaet er bondegården. Actions blir soft-blokkert ved at det blir dyrare å gjere dei jo meir dei blir brukt, opptil max 3 gongar. Eit av hovudmåla i spelet er å oppgradere bondegården din som blir dyrare jo seinare i spelet du kjem, og jo meir du gjer det, jo meir “arbeidarar” får du. Spelet er eit hakk meir random enn andre klassiske Rosenberg-spela, men ikkje meir random enn det tåler.


Reglar, reglar, reglar…

Ein oversett regel med ringane
Desse kan brukes istedenfor gods til å flytte “småhusa”, Det er eit flytt per ringpoeng. Det er altså av ekstrem verdi på slutten av spelet. I tillegg gjer det at du kan “ignorere” at du ikkje har ein fullstendig økonomi.