Reply To: Lost Ruins of Arnak

#3016
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar

Oppgradering av assistentar
Når du oppgraderer ein assistent, blir han refresha.

Discover a new site
Når du går til ein site, skal ting skje i ein spesiell rekkjefølge. Du skal ta idol-bonusen først. Så tar du effekten av plassen du gjekk til.

Free actions
Free actions kan du gjere når du vil, også midt inni main actions.

Eg har tidlegare uttalt at deck-building er ein mekanikk eg hater i spel som blander det med mykje anna. No har Mín og Elwen gjort alt dei kan for å få meg til å ete dei orda. Lost Ruins of Arnak fungerer. Måten du bygger stokken din og bruker han gir meining. Og saman med ressursane dine gir kortstokken din muligheter til å gjere mykje på brettet til du etterkvart er tom og treng påfyll. Spelet er elegant og alt føles som at det har ein plass. Ingen ressurstype er overflødig. Korta og spelet generelt har effektar som virker der og då, men ikkje varige eller trigga effektar. Det hjelper flyten på spelet betrakteleg. Bra spel.