Reply To: U-BOOT

#3066
Sten Ole
Participant

Me hadde sikkert 8 brannar på ubåten i kveld. Eg tviler på at me eingong har hatt brann før. Anders var tydeligvis ein sabotør sendt fra England. Det er eit under at me kom oss tilbake til Tyskland etter toktet.

Som alltid er dette spelet ultragøy. Eg trudde kanskje at det kom til å vere eit avslappande og kanskje litt kjedelig tokt siden eg var chief engineer, men det var brannslukking og action heile vegen. Og sjølv om eg nesten fumbla ting til, klarte eg puslespelet når vatnet begynte å fosse inn i ubåten. Eg er klar for alle roller vidare. Navigator-rolla frister mest. Nestegong blir det gourmet-mat!

Eg ser forresten på nettsida har dei lagt ut to ting som bør printes ut og puttes i boksen. Det eine er liste over reparasjonsjobbar og kor lang tid det tek å fikse dei. Denne er god å ha for Chief Engineer slik at reparasjonen ikkje kjem rett i eit vaktskifte. Det andre er ei side med det meste som trengs av taktisk data på ubåten og motstandar. Dette er f eks synsrekkevidde frå observatørar og periskop; synsrekkevidden til motstandaren ut frå om du er på overflaten, ute med periskopet, på dagen/natta, i stygt vêr etc; torpedo rekkevidder og treffsannsyn ut frå angrepsvinkel; kanonrekkevidde; fiendens hydrofonrekkevidde basert på om ubåten kjører eller om mannskapet maser; når spelet synes det er dag og natt (relevant siden ubåten har synsfordelar i forhold til England på natta). Speler du rundt desse stats’ane blir det enkelt å planlegge angrep der ein har initiativ eller evt å halde seg skjult.