Reply To: Oath – Chronicles of Empire & Exile

#3134
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar

Banner of the people’s favor
Når du reduserer favor på banneret, så går favoren til den fattigaste faksjonen.

Banner of the darkest secret
Poweren du får frå banneret er relativt svakt. Men noko interessant med det er maktovertakelsen. Når du tar kontroll på banneret, får du 1 secret tilbake og resten går tilbake til den tidlegare eigaren. Du kan derfor på ein måte tenke at du ikkje taper secrets på å ta banneret fordi om andre tar det ifrå deg, så får du investeringen din tilbake. Men det koster indirekte at du ikkje kan bruke secretane som er bundne, så det er ikkje fantastisk. Litt interessant at banneret kan holdes trygt om advisorane dine matcher med landet, men ikkje superrelevant siden me som regel hopper rundt på kartet.

Trade
Eg leste denne actionen med tåkete briller. Aner ikkje om andre også spelte denne feil. Fasit for trading for å få penger:
1 secret = 1 favor + 1 favor per matchande advisor
2 penger = 1 secret per matchande advisor

Citizen refresh
Når du refresher på slutten av turen din, skal du få lik supply som Chancellor + det du hadde oppspart frå sist runde. Eg gjorde feil med å gjere dette på starten av turen.

Imperial player
Når du er imperial player, chancellor eller citizen som ikkje slåss mot chancellor deler du eierskap og kreftene på Oathkeeper of Supremacy. Du ruler alt som chancelloren ruler. Du får hjelp av Chancelloren i forsvar, om chancellorpawnen er til stade, blir også hæren på playerboardet med i forsvaret. Andre imperial spelarar kan velge å melde seg på forsvaret om pawnen er på rett plass. Chancelloren velger kva warbands som dør i forsvaret.

Bindande avtalar
Generelt er ikkje avtalar bindande fram i tid, men det finnes powers i spelet som kan lage slike bindande avtalar. Bindande avtalar er tvingande så lenge spelaren har mulighet til å gjere det. Også lurt å avtale kva som skjer om spelaren ikkje klarer å utføre den opprinnelige avtalen. Utenom kort-effektar og citizenship-prosessen er det ikkje mulig å gi ressursar eller anna til kvarandre. Så avtalar kan ein sjå på som table talk.

Strategi?
Eg hadde tenkt å skrive litt om strategi. F eks at det kan vere lurt å ha litt secrets og favor på bok og gode advisors for å drive ein god økonomi. Eller skaff deg skjulte fordelar som du plutselig kan gutse fram ein win condition som ikkje klarer å stoppe. Men eg har kome fram til at alt eg klarer å tenke blir slått av Tor Inge. Strategi-tipset mitt er derfor å heile tida spørje “Kva ville Tor Inge ha gjort?”