Reply To: Terraforming Mars: Ares Expedition

#3159
Sten Ole
Participant

Eg synst dette var bra, eg. Eg nekter å samanlikne det med original TM. Dette er eit anna spel med nokre mekanikkar som liknar og andre som ikkje gjer det.

Trekk kort, spel kort, produser ressursar, gjer actions. Repeter til kubane, som ikkje er sukkerbitar, når toppen. Tell poeng. Ferdig.

Jarle synes det var fiddly. Eg óg, men kanskje på ein annan måte. Eg føler at fase-kort-valget, valg av kort du vil kjøpe, trekte kort du vil beholde og kaste burde foregå raskt for at spelet skal flyte slik det er tiltenkt. Samtidig så må du passe på at summen av handlingane dine “går opp” slik at du du får til alt du hadde tenkt. Og det tek litt tid løyse den kalkulasjonen. Spelet hopper og stopper derfor litt meir enn eg trur er meininga. Det clasher litt med sine eigne designvalg.

Det sit relativt åleine blant lettvekt-engine-builder-spela i klubben. Sikkert ikkje det verste å dra fram om ein har tid til eit spel til på slutten av ein hard Maracaibo-session. Det har eit 99% clean oppbygning, utforming og ikonografi, fleire combo-mulighetar og mulighetar som gjer at du føler deg lur (f eks når du velger construction og du ser at ingen av dei andre har penger eller kort). Nyt tida på Ares-ekspedisjonen og kjør heim igjen til Seimfoss med eit smil på fjeset.