Reply To: Første vurdering av Magic TCG!

#3175
Jarle Haktorson
Keymaster

I sitt fundament (TCG), er jo Magic eit veldig annleis spel enn dei fleste andre spel, ved at at du førebur din eigen Deck basert på kva kort du eig. Då blir det kanskje vanskeleg, og urettferdig, å samanlikne med andre spel, sidan føresetnadene er så ulike.

Tenk eks. Terraforming Mars. I alt er det kome ut omtrent 450 ulike kort. Tenk at ein spele det som Magic; at du på førehand lagar din eigen Deck som berre du trekk ifrå. Då kan du blant alle 450 eks. fokusere berre på Animals for masse poeng, eller berre på ting som gir deg planter, eller kva som helst strategi. Hadde nesten vore artig å prøve ut 🙂

Men samtidig: Tenk om du hadde alle 450 korta å byggje din eigen Deck ifrå, og motstandaren berre hadde Venus-ekspansjonen å velje kort ifrå (ca. 50 kort). Då hadde den med 450 hatt ein stor fordel. Og tenk om Venus-ekspansjonen ikkje skulle vere med i det heile; då ville sistnemnde hatt masse kort han ikkje fekk bruk for; samanliknbart, då det er masse kort i Magic som berre fungerer om motstandaren er slik og slik eller har dei og dei kreftene.

Difor må ein nesten vurdere Magic som seg sjølv, ut ifrå sitt eige premiss (ikkje blande eple og pærer, eller kva ein skal seie). Eg kunne som sagt gjerne spelt ein 2-player runde Magic og bygd min eigen Deck og sett korleis dette hadde gått; eg er klar 🙂