Reply To: Tzolk’in

#3186
Sten Ole
Participant

Nok ein gong hoppa me på Tzolk’in-karusellen. Rune hiver regelheftet på meg, så då blir det som min jobb å dikte opp finne ut av reglane. Det tok ca 6 månadar å gløyme detaljane. Så det tok nok meir enn eit par minutter å komme i gang. Vanskeleg for meg å måle siden tida går ikkje i samme hastighet når du er i lesemodus.

Etter ei til gjennomspeling ser eg fleire nyansar som eg gjekk glipp av førstegongen. Me strever ikkje alle med dei same problema fordi me tar ulike stiar i spelet. Om fleire tråkker på same stien, vil konkurransen skape problem. Du blir derfor utfordra til å anten unngå å gjere like ting som motstandarane eller å gjere noko bestemt og tidlig nok til at andre ikkje ser nytten i å gjere det same. Dette er jo eit klassisk euro-konsept, men eg såg det ikkje i Tzolk’in før i går.

Eit konkret eksempel er korleis me vel å håndtere mat. Du kan anten kjøre på med jordbruksteknologi eller du kan bygge farms. Om du gjer begge to så har du sannsynligvis gjort noko feil. Dette har også konsekvensar for kor mange arbeidarar du har råd til å ha i spel. Fleire arbeidarar let deg parkere på tannhjula lengre og satse på dei kraftigare handlingane. Færre arbeidarar tvinger deg til å få meir gjort tidleg i spelet og seile på det du eventuelt får til.

Du kan satse meir på skalle-strategiar, tempel-strategiar eller sikte deg inn på monument. Valga som opner opp for alle desse skjer i starten av spelet, kanskje til og med når du velger starting wealth tiles. Spelet er derfor meir strategisk (og mindre taktisk) enn eg har annerkjent frå før. Det som er litt synd er jo at spelet blir spelt så sjelden at du gløymer alt. Så du oppdager ikkje spelet før det går mot slutten. Men denne forbannelsen er kanskje også eit positivt aspekt med spelet for å ikkje gjere spelet umulig for alle som ikkje er Tzolk’in-veteranar.