Reply To: IKI

#3193
Sten Ole
Participant

Reglane er heilt ute av lage. Me spelte experience/retirement aldeles feil.

A. Retirement skjer når meeplen går opp på sirkelen.
B. Kvar gong sjefen har tatt ein omgang rundt brettet, så auker alle arbeidarane i experience.

Konsekvensen blir at “flytt 4”-feltet blir mykje sterkare og at kloggene er totalt overpowered. I tillegg blir det sikkert meir inntekt på sikt enn det me opplevde.

Ris, fisk, tobakk og brannvern står i sentrum i dette rondell-spelet. Kvar tur kan du sette opp salgsboder som forhåpentligvis motstandarane velger å bruke no og då. Poenga straumer inn frå ulike kjelder. Det er vanskeleg å fastslå om du bør fokusere innsatsen din på visse ting eller gjere litt av alt. Å sette opp fargekombinasjonar er viktig.

Fleire gonger i løpet av spelet brenner det i ein seksjon i byen. Då er du prisgitt ein medspeler som har satsa alt på brannslukkingsteknologi. Ellers går alt opp i røyk, inkludert endgame-bygningar som du har selt sjela di for å bygge opp. Brannen er det svakaste elementet i spelet. Eg skulle nok ha ønska ein anna mekanikk på denne som betre belønna brannvern.

Det er likevel mykje bra med spelet. IKI er både lett og moro.