Reply To: IKI

#3195
Jarle Haktorson
Keymaster

IKI er eit veldig behageleg spel som eg plasserer i Wingspan-kategorien. Med rette bakgrunnsmusikk, er det Zen-aktig å reise rundt i gatene rundt Nihonbashi, hyre folk, reklamere for produkta sine, handle fisk og slappe av med litt god tobakk.

Eg forstår det slik på sist speling at ein gløymde å auke erfaringa til folka sine når ein vandra rundt i byen; dette kan nok ha skapa litt mangel på ressursar/Iki, som igjen kan føre til at «maskineriet» ikkje fungerer så godt og ein føler seg litt begrensa. Det ordnar seg til neste gong!

Og mekanikken med brannvern er nok litt avstumpa på eit vis, ja. Men samtidig: Å investere i brannvern gjer fleire fordeler: Du får velje på Ikizama-tracken først (som avgjer talet på flytt og er heilt sentralt for å utnytte brettet), du får velje New Year’s Day-plass først, som på slutten er kanskje akkurat den bygningen eller fisken eller tobakken du treng, det er ein potensiell Tie Braker, samt at den sjølvsagt kan beskytte deg heilt mot brannar (og med smart plassering i eit av dei fire hjørna, beskytter du «berre» deg sjølv, samt at du kan sikre deg dobbel Nagaya Harmony Bonus).

Sjølv om det altså brenn og du må mate folk og og du får aldri tak på nok gull, er det likevel aldri stress; eit spel for å slappe av. Bra spel!