Reply To: Here I Stand – 2 players

#3205
Sten Ole
Participant

Here I Stand kom på bordet før året var over! I 2-player-varianten gjekk spelet frå å vere eit tematisk politisk eventyr til å vere eit tautrekking/race-spel med bingoelementer.

Spesielt underleg var diplomatifasen som istedenfor å fastsette alliansar blei brukt til random events med stort svingingspotensial. Plutseleg kjem det ein fransk megahær og medfølgande armada på sjøen klar til å knuse paven uten noko forvarsel.

Dette vil ikkje vere nokon sitt førstevalg til 2-player-spel. Eg vil kontre Rune med å seie at det heller ikkje er bra til å lære reglane. Om me hadde prøvd dette uten å ha reglane halvveis inne så hadde dette spelet tatt heile helga – og likevel misforstått alt.