Reply To: Here I Stand

#3216
Jarle Haktorson
Keymaster

Eg har ikkje testa denne “hurtigversjonen”, men det fristar 0 %.

Det eg kan like med HiS/VQ, er nettopp det “episke” og oppbygginga mot noko stort (eller å bli knust og byggje seg opp igjen), diplomati i alle retningar, det “like” startgrunnlaget, kunne (delvis) velje sin eigen veg og alliansar, brenne igjennom masse kort med masse gøy osv.

I tillegg førebuinga: Ein må vere førebudd. Maktene må vere fordelt på førehand; X er England, Y er Frankrike, Z er… osv. Dette fordi at skal du (etter mi meining) få utnytta faksjonen din på gøyast måte, må du vite kva den kan (og ikkje kan). Det er også gjerne eigne reglar som berre gjeld deg, og då bør du nesten kunne noko om dette på førehand.

Det er også noko “mentalt” med dette; ein må vite kva ein går til. Det er forskjell på å setje seg ned ved bordet med tom hjerne og spele Ludo og å spele HiS. Det som har gjort at eg har likt VQ/HiS, er at me stiller “førebudd”. Ein er mentalt klar, ein har sett av heile dagen til noko episk, ein “kan” faksjonen sin (til ein viss grad), det er lite regellesing (hovudreglane er førebudd og greie; det er ofte spesialtinga til kvar faksjon som er plukk), ein får tid å sjå over kartet, planleggje litt, starte dei første alliansane…

Difor fristar hurtigversjonen 0 %. Men det er meg; alle har “sine” spel og sine preferansar for spel. Det er jo også vanskeleg å finne seks spelarar som er “klare” og det er vel utopi at alle kan stille “førebudd” til kvar sin faksjon, men alt hjelper, og etter mitt syn forsvinn mykje av gleda med HiS/VQ om ein ikkje får det “episke” med å kunne byggje opp og styre si eiga retning ifrå starten av, og få den tida til å setje planar i verk.