Reply To: Imperial Struggle

#3219
Jarle Haktorson
Keymaster

Veldig kjekt spel! Sjølv om ein vinnar vart kåra allereie i runde 3 (av 7?), var det likevel masse som skjedde og ein fullverdig spelekveld. Det eg likte best, var at det var så mykje som skjedde overalt; du hadde alltid noko å finne på. Og motstandaren din kan ikkje svare på alt eller veit planane dine; veldig fin balanse mellom å gjere “dine” ting, samtidig som du prøver å svare, eller gjette på, korleis du skal reagere på kva motstandaren gjer.

Når du ser at motstandaren kjøper seg opp flåtar i Karribien, byggjer opp pelshandelen i Amerika, sankar krydder i India, tek kontrollen over Skottland og legg ut skjulte krigsbrikker til neste krig; kor skal ein svare?! Kanskje med offansive motangrep, som å vha. korta på hand ta knekken på verdien på pelshandelen den runden, bruke Advantage-brikke til å sende heim flåten i Karribien, byggje seg større på krydder i India, pøse på med eigne krigsbrikker eller kanskje gå for Russland?

Slike ting og stratgiar endrar seg etter kva Tiles som er tilgjengelege, slik at du aldri kan ha ein sikker plan. Eit veldig godt spel som får TTO (To Tomlar Opp)!