Reply To: Time of Crisis

#3224
Sten Ole
Participant

Eg ser at det eg posta sist om spelet ser ut til å stort sett vere det eg ville sagt no også. Eg trur at spelet er vanskeleg om ein spelar får forskanse seg i Italia. Det fører i løpet av kort tid til at spelaren drar ifrå både i poeng og at han får snikre ein overlegen kortstokk. Alarmbjellene bør med andre ord ringe med ein gong Italia er i spelareige. Då det stod 3 legionærar i Italia, så var spelet etter kvart låst. Om du klarer å “lure” til deg politisk makt der, så må du heile tida streve med at han som har hæren sin der lett kan ta Italia tilbake.

Det ironiske med Pretender-kortet er at det er vanskeleg å oppdrive utan å ha hatt Italia ein runde eller to. Det hadde vore moro om keiser Haktorsen hadde hatt litt fleire problem å håndtere.

Om det er noko som slår meg som ein blunder frå mi side så er det å angripe uten å ha rødt til overs til å reparere eigen hær etter slaget mot Italia. Det blei undergangen for meg. Eg gløymde selvfølgelig også reroll-muligheten min. Ironisk nok var det Even som lenka meg til å spele defensivt. Den karen er eit ekstremt kaos-element!