Reply To: Sidereal Confluence

#3237
Jarle Haktorson
Keymaster

Artig nok spel, men eg synes det er veldig prega av å kunne spelet/rasane for å utnytte spelet sitt potensial, som nok også heng saman med gøy-faktoren. Som Sten Ole skriv ovanfor, må du vite kva teknologiar som gagnar folk/bordet slik at du har eit fornuftig prisnivå på lisensane, samt at du må skaffe deg research teams som passer med teknologien. Då må du kanskje kjøpe dei som andre har hos seg. Du må altså prøve å ha oversikt over kva research teams andre har.

Det er ofte “nok” å forstå sin eigen rase/eigenskapar i spel. I dette spelet bør du absolutt kjenne til kva andre kan/blir spelt også. Såleis er nok dette eit veldig gøy spel etter å ha blitt spelt atten gonger, slik at ein har prøvd alle rasane eit par gonger, og kan begynne å ane forhandlingspotensialet mellom dei.

Så eg vil ikkje seie at dette er eit dårleg spel; eg trur absolutt det kan vere eit kjekt spel, men eg vil seie at det krev at ein leser seg opp/forstår alle rasane som er med i ein runde, noko som gir store fordelar til dei som har spelt det mykje, og gjer det mindre kjekt for dei med mindre erfaring/kunnskap, då ein ikkje er i god posisjon til å forstå/forhandle på fornuftig vis.