Reply To: Andean Abyss

#3683
Jarle Haktorson
Keymaster

Enig i alt som står ovanfor, noko som oppsummerer både det positive og negative med spelet. Likevel; kjekt å ha spelt spelet, og delvis verdt dei seks-sju timane det tok. Det kan vere eg er med seinare også, men då treng eg å vere faksjonen eg var no; FARC. Dette fordi det er såpass uoversiktleg at du ikkje heilt veit kva du held på med; endå mindre kva andre held på med. Først mot slutten av spelet “forstod” eg kva eg kunne gjere og burde gjere, men då var det litt seint. Samtidig; om eg “kan” det, vil det sikkert bli møtt med mot-svar, slik at planen ikkje fungerte likevel. Men det er nok eit spel som krever at ein kan ein del om spelet, og ikkje berre sin eigen faksjon, men ideelt alle sin.

Og så er det jo aspektet med å heile tida måtte byggje seg opp og endre planar. Du kan ha ein plan, så gjer spelaren noko etterpå som heilt endrar planen. Så må du begynne på ny. Men då seier kort-rekkjefølgja at du er sist, så då får du ikkje gjort noko likevel. Såleis må ein kanskje heller tenkje der-og-då, men det er neppe ein vinnande strategi. Dessutan bidreg det til Analysis Paralysis om du alltid skal vente til “din” tur før du avgjer kva som der og då er det beste. Eg merka litt på downtime i går, ifrå meg inkludert, men ikkje så mykje som eg frykta.

Hm. Skulle det vere tre andre som vil spele Andean Abyss igjen, og tida er der, men ikkje minst MINDSET og lysten er der, kan det vere eg er klar igjen.