Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Republic of Rome › Reply To: Republic of Rome
Eg er foreløpig litt skeptisk til remastered-editionen. Det er litt lite som er kunngjort om det. Eg er litt usikker på publisheren som hovudsakleg har drive oversettelser. Designar-folka har ingenting anna registrert på seg sjølv. Bildene som er utgitt til no har ein AI-kunst-vibe. Det hjelper ikkje at eg er litt lunken på originalspelet (men remastered skal visstnok “fikse” på det som eg likar minst med originalspelet). Men, kanskje når kampanjen er i gang vil det vere nok til å overbevise om at remastered er eit steg vidare og ikkje eit blindspor.
Me kan gjerne spele meir RoR, men det har vore ei stund sidan me har klart å planlegge eit spel på forhånd med 6 spelarar i same rommet på same tid. Dei gongane me har vore mange, har det som regel vore ein tilfeldighet.