Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Merchants & Marauders › Reply To: Merchants & Marauders
Eg er kanskje den som aldri have vore veldig plaga av port-actions. Kanskje det betyr at eg er den som tek mest tid på dette. Det er kanskje lurt å planlegge port-actionen din på forhånd slik at du ikkje først ser på shipyard-menyen når du plutselig er der. Enten veit du langt i forvegen at du skal gjere det, eller så er det det siste du gjer, og då kan uansett neste spelaren begynne sin tur tidleg.
Det er nok kanskje eit problem kor mykje lettare det er å kynisk vinne spelet med å berre gå frå havn til havn og handle. Dette er ikkje den kjekkaste måten å spele på, synes eg, så piratvegen er betre gøy-messig. Noko som er litt ironisk er korleis handelsskip er mykje betre i player vs player. Handelsskipa tåler meir og har større mannskap. Det føles litt mangelfullt at ikkje manøvrerbarheten til dei smidige skipa ikkje speler meir inn i desse situasjonane.
Sandbox-sjangeren som spelet representerer er ikkje heilt min favoritt. Dei prøver å oppfylle ein visjon som dei aldri heilt klarer å oppfylle. Historiane dei forteller er enten matte kjedelige dagar på jobb, eller så er dei historien om isen som satte seg i skipet ditt og drepte deg… sakte. Og død er noko ingen av desse spela håndterer på ein god måte. Eg har liknande følelsar om civ-sjangeren, men her er heldigvis designarar villige til å eksperimentere litt med formelen og ikkje nødvendigvis ha med alt som ikkje fungerer.
Eg kjem til å tenkje på eit gammalt spel som heiter fargo city. Det er eit direkte forferdelig spel fordi du omtrent aldri bestemmer kva du skal dille med. Men det er jo samme visjonen. Du er i ville vesten og gjer alt mulig ville-vest ting. Du gjeter kveg frå A til B. Du handler våpen med indianarar i bytte med kanoar. Eg var forresten ikkje klar over den enorme etterspørselen etter kanoar i ville vesten. Så kan du spele på casino. Om du havna i gjeld blei du tvingt til å jakte på skurker for bounties. Osv osv. Poenget er at fleire av desse aktivitetane hadde ein minigame. Og Fargo City blir aldri betre enn gjennomsnittskvaliteten på desse minigamane.
Slik er det litt med Merchants and Marauders også. Minigamene i dette spelet er:
1. Merchant Raid (push your luck)
2. Flytte frå A til B på kartet (kva vil eg gjere på no?)
3. Slåss med båtar som gir motstand (trill terning)
4. Trekke 6 kort for å sjå kva marknaden har å tilby i havna (Skal eg vente ein til tur for å få nok til Glory?)
Eg etterspør anten litt betre minigames eller eit konsept som faktisk klarer å oppfylle visjonen. Men for å ikkje bli misforstått, eg hater ikkje Merchants & Marauders. Det er heilt ok. Eg kunne også dradd spelet Dead Reckoning med i innlegget. Det har betre minigames, men det går så langt på det mekaniske at historien er heilt borte.