Reply To: Terraforming Mars

#4281
Jarle Haktorson
Keymaster

Ny runde etter gamalt med Terraforming Mars. Kåra til beste spel av klubben fleire år. Og det er framleis eit veldig bra spel. Men: For meg, har det mista litt magi. Heldigvis trur eg det finnes ein fiks.

Førre runde var med alt av innhald/alle ekspansjonar. Då gjekk spelet frå å vere, for meg, det som gjorde TM så innlevande og kjekt, til å bli eit “brettspel” på linje med mange andre spel. Sanke stemmer i parlamentet, byggje koloniar, skaffe floaters frå Venus, Global Events osv. Så kan ein kanskje argumentere for at dette berre skapar større valfridom og å kunne spele TM på “sin eigen måte”, men for meg blir noko som var konsentrert og spesielt, det å terraforme Mars, no blitt eit meir “standard brettspel” der ein gjer litt ting her og der utan å har Mars i særleg sikte. Med alle ekspansjonane tek også spelet lenger tid enn det burde.

Neste gjennomspeling trur eg eg ville berre hatt hovudspelet og Prelude, og så hadde det vore litt det same om me spelte på hovudbrettet, Hellas eller Elysium. Då hadde me fått ein variert start med ulike konsern som satsa på litt ulike strategiar, men alle med eit felles blikk og fokus på Mars og alt som skjedde der, og innanfor rimeleg speletid.

For min del, ville nok meir av magien då kome tilbake.