Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4805
Sten Ole
Participant

Fantastisk spel!

Gameplay-messig er det ein snedig action-selection-mekanisme som baserer seg på å flytte ein sjel som ikkje har funne ein endeleg plass i helvete (eventuelt å betale Charon for å frakte ei ny sjel inn i helvete). Der som sjela ender opp, lager ei begrensing på kva actions du kan gjere i Florence (med mindre du bestikker Charon). Her er mykje av det du gjer er å bygge og samle.

Hovedmålet er å sende syndarar til helvete. Prosessen er enkel. Du kan anklage ein usynlig NPC på ein av plassane du har vore. Han blir selvfølgelig drept og sjela hans blir klar til å fraktes over elva Acheron. Og så må familiemedlemmet som anklagde, som også er ein av arbeidarane dine, gøyme seg i tårnet ditt for å beskytte seg mot hevn. Når du har anklagd ein syndar av ein viss type, har du egentlig “kjøpt” deg ein “aksje” i justisen mot den typen synd.

Aksjen til synden er koblingen til helvete. Å fylle sirkelen i helvete for syndene du spesialiserer deg mot er målet ditt, anten med syndarar av rett type, men også av andre som kanskje ikkje høyrer heime der. Når Dante har gjort ferdig heile reisa si gjennom helvete, er det ikkje gode rutinar i helvete for at alle sjelene skal få rett straff. Kor full sirkelen i helvete er seier litt om aksjeverdien på aksjen din. Det er også ein liten formalitet at du må skaffe deg eit diplom innenfor synden, og det er ikkje enkelt.

Spelet har akkurat passelig mengde crunch samtidig som at det er lettspelt og har gode tematiske koblingar. Du kan ergre deg over kva andre gjer som øydelegger dine planar. Du kan tidvis havne i tvangssituasjonar som fører deg inn i lånsregisteret til Charon, eller spelets skrekk: ein family council, det ulimate nederlaget.

Dette spelet er eitt eg som eg kan tenke meg å spele ofte. Det anbefales sterkt for alle som likar både euroar og hybrid-mytologi. 10 av 10 piskeslag.

Reglar, reglar, reglar…

Lån
Du kan også ta opp lån for kostnader som ikkje er obligatoriske. Om du av endar opp med negative poeng, må du bokføre dette på ein måte til du kjem tilbake i pluss.