Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Time of Crisis › Reply To: Time of Crisis
Ein herlig gjennomspeling! No var det også litt meir konkurranse i spelet enn det har vore tidlegare. Det var kjekt med ein funksjonell pretender i spelet. Det hjelpte sikkert litt å ha ein taktikk-primer før me starta. Eg oppgraderer spelet i anseelse og ser fram til neste gong.
Eg lister opp ein del reglar av varierande relevanse, nokre som eg har skrive om tidlegare med varierande retthet. Eg håpar eg har 100% rett denne gongen.
Eg registrerer at eg har skrive om ekspansjonen før, så då var det ikkje berre falske minner.
—
Reglar, reglar, reglar…
Pretender blir emperor
Dette skjedde nesten. Spelaren får poeng for både å vere emperor og pretender den eine runden. Etter at poenga blir scora fjerner du alle breakaway tokens. Spelaren er etter dette ikkje ein pretender lenger.
Emperor turns
Når det er ein rival emperor eller pretender på brettet, vil ikkje emperor turnbrikken flytte på seg. (-6 poeng til Jarle. Even vant!)
Place Governor
Når du skal ta over kontroll av ein provins treng du minimum 1 vote.
Mobs
Mobs vil ikkje redusere support i provinsen, men vil redusere kjøpskrafta for nye kort og vil også talfeste kor mykje support du treng å overstige for å beholde kontroll i support-check-fasen. Det gir litt potensial for å kunne sameksistere med mobs ein lita stund, spesielt om du bygger bygning for å underholde dei.
Militia i angrep
Militia kan vere med i angrep når dei er stacka saman med ein hær i provinshovedstaden.
Foederati-kortet
Eg feilleste dette kortet (men trur ikkje eg braut reglane på det). Du skal ikkje samanlikne antalet barbarar med størrelsen på hæren din. Du skal istedenfor berre passe på at det ikkje blir fleire barbarar i hæren din enn du har vanlege legionar.
Endringar i Deluxe-utgaven
Foederati- og Demagogue-korta har tydeligvis blitt litt redusert i styrke i den nye versjonen av spelet. Foederati kan berre rekrutere barbarar i same provins. Demagogue fjerner ikkje kort frå hånda til motstandarar lenger, og sprer istadenfor mobs og innkasserer poeng. Om ein synes at desse korta er litt for gode, er det ein mulighet å gå over til nye reglar.