Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4962
Jarle
Participant

Eg må til legen! Eg var sikker på at me ikkje hadde prøvd ekspansjonen før, men forumet på brettspel.no lyd aldri! Men ja; ei herleg gjennomspeling! Det er masse historiar som kjem ut av litt papp og terningar, som dei meget aggressive Sassanidene, den ubrukelege keisaren i kamp, og det mektige riket i Nord-Europa som knakk saman dei siste åra.

Emperor turns: Wow! Even vann! Og det gir full meining; på lik linje som det er i alle si interesse å svekke keisaren for å sjølv bli keisar, er det i “keisaren-wanna-be” si interesse å kvitte seg med Rival Emperor/Pretender. Og det artige er jo at så lenge denne ligg langt frå deg og berre plagar keisaren så ler du av det, før du brått får ambisjonar om å bli keisar sjølv, og startar hærtog over heile Europa for å knekke Øyvindius den Store.

Deluxe-utgåve: Ja, eg las litt om den. Ok, så dei har nerfa Demagog-kortet. Det gir meining. Når både eg og Øyvindius den Store køyrde det samtidig, øydela det litt for masse for dykk andre, som fekk heile runden øydelelagd. Det går sikkert an å berre laste ned Deluxe-regelbok og hugse endringane.

Eg er klar igjen 🙂