Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4963
Rune Hanssen
Keymaster

Etter harde spelingar der ein ligg 200 poeng bak vinnaren, vann eg no sist på same vis med dei same spelarane.

Spelet verkar å vere enten eller. Motoren din og oppbygginga av rondell-actions i byen kan klaffe med dei andre spelarane sine valg, og då er Ghibli-industrilivet romantisk og eventyrleg. Om du har rusk i maskineriet kan det bli frustrerande. Du manglar damp nok til å vere effektiv, og dei andre stikk av med plassen og fabrikkomponentane du vil ha. Det blir ofte håplaust.

Eg likar at det du driv med er gøy. Differansen mellom resultata på slutten er eg mindre begeistra for (ikkje berre i dette spelet).

Eg trur Daitoshi krev spelarar som har kontroll på innhaldet. Vegen dit er litt vond. Anbefalast ikkje dersom du hatar å ikkje henge med.