Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4629
    Sten Ole
    Participant

    Gjennom jungeltelefonen på nettet høyrde eg om eit spel som heiter Cthulhu Dark Providence som er ein fornya versjon av A Study of Emerald, som eg hugsa at me hadde liggande på lokalet. Ryktene tilsa at den nye versjonen hadde litt redusert tematisk forankring og særpreg enn den gamle, men fordi den gamle er umulig å oppdrive så er den nye eit greit alternativ.

    Då tenkte eg øyeblikkelig at her hadde me kanskje ein såkalt Hidden Gem tilgjengelig. Eg tok med ein gong på meg necromancer-kappa mi med hensikt å få dette på bortet snarast. Ein skumlesing-session av regelboka seinare var eg forbløffa. Dette var egentlig berre ein deckbuilder. Det var visse skjult-rolle-mekanikkar der også med litt asymmetri, men dei spelte ei mindre rolle. Foreløpig konklusjon, dette var eit Dominion-aktig spel med cirka same skala og tidslengde. Det var eit lite håp om rikare tematikk enn trauste Dominion.

    Men… så blei det testa i kveld mens me venta på Rune. Med ein gong han kom inn påpeikte han kor dårlig det var i det vi tok dei siste turane. Eg må sei meg enig. Turane var sirup-aktige der me fekk gjort veldig lite om gongen. Mange av actionane gjekk ut på å legge ut kubar, ta inn kubar og innimellom kunne vi ta eit kort eller gjere noko aktivt. Vi hadde berre omtrentleg kontroll på kva kort vi kunne ta inn og det gjekk tregt, så det føltes ikkje som ein skikkelig deck-builder. I tillegg var effektane på korta enkle og ikkje spesielt spennande. Det var både altfor mekanisk og simpelt samtidig. Det går kanskje an å skylde på alderen for kvifor det var så svakt, men dette er eit spel som kom 5 år etter Dominion, så min tanke er at dette spelet aldri var særlig kjekt, sjølv ved utgivelse.

    Om folk vil foreslå framtidige necromancer-prosjekt, så er det berre å sei ifrå.

    PS: Det manglar 5 diskar frå spelet, som kan vere relevant om det vurderes for salg.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.