Archipelago

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2702
    Sten Ole
    Participant

    Tenkte eg kunne dele litt tankar om Archipelago siden det ikkje eingong er oppført på forumet. Me spelte det med 5 spelarar for ikkje lenge siden. Nokon for første gong. Andre med litt erfaring frå før krigen.

    Som normalt er me europearar som skal nok ein gong utnytte den tredje verden. Eit tema som går igjen og igjen. Målet er å oppfylle stort sett hemmelege utnyttingskriterier uten at lokalbefolkningen gjør opprør.

    Reglane krystaliserte seg utover kvelden så mine tankar omhandlar meir ein hypotetisk gjennomspeling enn den aktuelle kvelden.

    Det som eg synes er karakteristisk er at du ikkje veit kva som gir poeng i spelet. Utenom korta du kan kjøpe og eit trendkort som potensielt blir bytta ut er vinnarkritetiene skjult. Du famler altså litt rundt i uvisse utenom ditt eige kort med eit av poengkriteria. Spørsmålet er litt korleis du bør gå fram i ein slik situasjon. Skal du gjere litt av alt på mest effektivt vis? Skal du emulere ting som motspelarane gjer? Skal du maksimere det du veit gir poeng og grabbe kort som gir poeng? Alle er sikkert ein brukbare framgangsmåtar.

    Noko anna med spelet er at du har ein felles tapssituasjon. Og til ein viss grad kan ein utnytte landet meir ved å kjøpe fleire kort og gi mindre i krisesituasjonar. I motsatt tilfelle kan ein gi meir, skattlegge mindre og bygge tempel. Det går også an å vere ein av dei første spelarane og dermed “tvinge” seinare spelarar til å ordne opp det kollektive problemet. Det er også naturleg at dei som ligg dårleg an i spelet bruker krisene som pressmiddel mot dei som ligg betre an. Noko av problemet er derimot at poengene og måla i spelet er skjulte.

    Noko me ikkje gjorde særlig var å trade i spelet. Kanskje med litt meir erfaring hadde dette endra seg. Om spelarar jobbar saman er det potensial for å drive meir effektivt ved å utvinne spesielle ressursar og handle med dei andre. Eg trur kanskje derimot at dette ikkje faller seg naturleg for oss dersom me ikkje ser fordelane direkte.

    Det går an å diskutere pasifist/separatist-korta og korleis desse påvirker økosystemet i spelet. Separatistkortet ser kraftig ut om det ikkje er ein pasifist som aktivt demper uroen. At separatisten kan drite i rebel-tendensane og drive rovdrift på øyene og likevel få poeng på same måte som dei andre er litt suspekt. Det ødelegger også andre spelarar si evne til å spele på krisane til å kome seg tilbake i spelet. Og om krisane er spesielt vonde har separatisten ein lett veg til seier. Kanskje erfarne spelarar kan lage gode rutinar for å nøytralisere trusselen, men eg tviler.

    Spelet blir for min del litt for ustabilt og tilfeldig til å nytast som eit strategispel. Gøy-faktoren som spelet beholder ligg i å gjere dei små taktiske handlingane som gir fordel, å rope hurra når du kan få eit billig kort som er litt for godt eller når gruppa i plenum klarer å avverge katastrofen. Poengopptelling blir litt uinteressant siden du heile tida må handle ut frå gjetting, flaks og suspekt informasjon frå motstandarane.

    Speler gjerne igjen men kjem ikkje inn på topp 5-lista mi.

    #3852
    Sten Ole
    Participant

    Makan så påståeleg eg var for 3 år siden. Men eg hadde tydeligvis eit par gode tankar, sjølv om det var eit spel med heilt andre reglar me spelte då.

    Eg tok ein liten regelsjekk for å betrygge meg at me ikkje spelte alt for feil. I praksis hadde me god regelforståelse utover kvelden. Engaged arbeidarar er tydeligvis ein mekanikk alle sliter med på BGG sånn dom reglane er. Det som ikkje er intuitivt er at ein engaged arbeider fortsatt kan vere aktiv i ein bygning så lenge han står der.

    Spelet er ein mystisk opplevelse, litt som ein kontinuerlig prisoner’s dilemma der alt er dømt til å gå gale fordi me ikkje jobber saman. Eg trur kombinasjonen av mange arbeidarar og bunnskrapte lokale marked får ting til å knekke saman med høg sikkerhet.

    Fortsatt ikkje topp 5, men speler gjerne igjen.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.