Architects of the West Kingdom

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #1390
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eit friskt nytt «worker placement» med uvanleg vinkling på korleis ein får arbeidarane sine tilbake. Alle startar med ein haug med arbeidarar som kan gjere ulike «actions» i arbeidet med å byggje katedralen og andre bygningar i riket. Eit av aspekta er å drive lugubert i skuggane og klandre andre spelarar sine arbeidsgrupper for tvilsame geskjeftar og sende ein mob til å fange dei for så å tene pengar på å levere dei til fengselet. Seinare kan ein så bruke ein «action» på å frigjere sine uskuldige arbeidarar fengselet før ein eventuell «rettsak» fører til meir trøbbel.

    Mykje humor og mange vegar til å skaffe poeng gjer spelet til eit solid tilskudd.

    Architects of the West Kingdom

    #1391
    Sten Ole
    Participant

    Ein unik vri på worker placement-sjangeren. Du har ingen rundeslutt der du henter arbeidarane heim. Istedenfor må du bruke ein handling til å få det til. Og generelt er det motstandarane som gjer det for deg med å setje arbeidarane dine i fengsel der dei er lettare å samle inn.

    I tillegg ligger engine-building-momentet i spelet i at du samler opp folk på ein plass som gjer at plassen gir deg meir per gong. Men det er nettopp dette som fører til at motstandarane bortfører arbeidarane dine. Altså er det vanskeleg å bygge opp varige fordeler. Spelet føles derfor meir taktisk enn strategisk og tilgir handlingar gjort i begynnelsen av spelet.

    Relativt lettlært, ikkje for simpelt, mykje interaksjon i forhold til liknande spel. Eg koste meg med dette.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.