Ark Nova

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #3229
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ark Nova er eit gøy spel. Berre prøvd det éin gong så langt, men det blir nok fleire. Det er ein slags kombinasjon av Terraforming Mars og Wingspan og litt meir, men samla er det eit sjølvstendig og godt spel. Greitt å kome inn i og ganske oversiktleg, der elementet om å velje sin eigen veg, kjend ifrå TR og Wingspan, er veldig gøy. Eg må likevel trekke eit poeng ifrå karakteren, og det er dei interaktive korta som plagar motstandaren. For meg øydelegg dette ein del av spelegleda. Det eg synes er gøy, er min «eigen» kamp som eg sjølv kan påverke: Eg samlar på dyr til Petting Zoo; det ligg eit i displayet; skal eg gamble på at ingen tek det, eller skal eg køyre eit svakt Cards-kort for å ta det? Eller eg har fire Reptiles; skal eg score for Conservation poeng no, eller skal eg satse på eit Mammal til, men tenk om nokon andre tek det, og då misser eg sjansen? Køyre svak bygging no, men då får eg…Osv. Altså bestemme seg sjølv. Med interaktive kort, er det «ytre» faktorar som styrer strategien din og potensielt øydelegg planen du hadde. Slik som når eg fekk Poison på mine to dårlegaste kort; heilt til eg brukte begge korta, måtte eg betale pengar. Så anten køyre to dårlege kort på rad og tape litt, eller køyre dei som «normalt» seinare, men tape masse pengar. Eg følte eg tapte fleire rundar på dette, og det var tilfeldig og kjipt. Ok, sjølvsagt kan ein seie at dette er ein del av spelet, men det må ikkje det. Eg les at i reglane er dette valfritt; om ein ikkje vil køyre ein slik «interaktiv» (slem) variant, skal ein berre køyre effekten nede på kortet i staden for; Solo-effekten. Eg vil i alle fall stemme for det. For det kjekke er å planleggje og gamble litt og få ting til; ikkje bli offer for random ting som set deg tilbake og øydelegg ein plan du hadde tenkt langt fram.

    #3244
    Sten Ole
    Participant

    Ark nova er gøy og klør samme punktene som Terraforming Mars. Føler ikkje dei interaktive korta var så veldig plagsomme sjølv. Effekten forsvant etter ein kaffi-pause likevel. Men sikkert litt plagsomt om ein finrekner trekka sine framover.

    Eg trur teknisk sett at spelet er meir taktisk enn strategisk. Sjølv om ein jaktar på synergimotorar mellom korta, så er det nok meir å tjene på å gjere det som er best i nuet. Dei som har klagd mest på spelet i “miljøet” er dei som sit og trekker kort konstant og krysser fingrane for å få rette korta.

    Ser du nevner frykt for at petting zooen skal forsvinne, men det skal vere ein petting zoo reservert til kvar speler, så det burde ikkje vere eit problem.

    #3246
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Du synes nok ikkje dei interaktive korta er så plagsamme sjølv, for det er jo du som brukar dei mot folk 😉 Elles samd i å bruke korta ein har, samtidig som det er lurt å ha ein viss strategi. Såleis er det likt Terraforming, der denne balansen også er viktig å finne. Eg likar begge spela veldig godt, kanskje nettopp av denne tilpassa strategien.
    (Og til det med Petting Zoo; der las du ikkje godt nok; det var dyr til denne eg nytta som eksempel).

    #3247
    Sten Ole
    Participant

    Eg las litt feil, ja.

    Det at eg speler mange interaktive kort er jo heilt tilfeldig. Korleis kunne eg vite at apekattane som eg bestemte tidlig å satse på, hadde så mange stjele-effektar?

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.