Axis & Allies Anniversary Edition

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #1982
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Axis&Allies

    Dette er eit av dei mest strategiske spela tilgjengeleg, og det meiner eg, sjølv om det er mykje terningtrilling.

    Eg trur spelet passar best for to til fire spelarar; ein fordeler landa alt etter talet på spelarar. Det kan nok bli noko downtime med fire spelarar (og endå meir med fem), men det gjekk greitt med fire. Med to-tre spelar alle fleire land, og då har du alltid noko å gjere på.

    Det strategiske er at du alltid må vere førebudd på kva fienden kjem til å finne på, samtidig som du må overraske fienden, samtidig som at fienden gjorde noko anna enn kva du trudde, slik at du må snu om på både innkjøpa dine og din eigen strategi…
    Det er nok dette som er spelet sin store styrke; det er veldig kjekt å klare å gjennomføre eit overraskande angrep på ein front/område som fienden ikkje hadde sett for seg. Har du i tillegg klart å førebu dette med smarte innkjøp av utstyr, føler du deg som ein veldig god strateg.

    Dette med terningar øydelegg ikkje dette. Det er ein del av krigen. Krig er ikkje slik at den største styrken alltid vinn; i kampane mellom Finland og Sovjet var tapsforholdet omtrent 1:10. Dette skapar ein naudsynt og uføresett element; du kan auke oddsen med styrkane dine, men du må vere førebudd på eit tap. Då må du ha strategien klar for å omgruppere, ev. starte ein ny front osv.

    Alle landa er kjekke å spele og dei speler seg ganske forskjellig. Naturleg utvikling i spelet skapar også eit historisk sus; Sovjet blir hardt pressa, men pøser i hovudsak på med menn og tanks. Japan og USA krigar om øyene i Stillehavet. Tyskland har Europa i jerngrep. England er overalt og må velje kor ressursane skal brukast.

    Fleire artige ting skjedde i sist speling. England hadde t.d. bygd opp ein svær armada klar for invasjonar inn i Europa. Tyskland ofra nær heile flystyrken sin til å knuse denne, men hadde økonomi til å byggje seg opp igjen. Når Tyskland så prøvde å byggje opp invasjonsstyrke mot England, klarte eit kombinert angrep ifrå fleire allierte å knuse denne. Tyskland hadde også eit tidleg initiativ mot Sovjet, og tok i første runde over ein fabrikk berre to felt ifrå Moskva. Men Tyskland gjorde tabben å berre forsvare seg der, noko som gav Sovjet tid til å byggje opp ein enorm tanksdivisjon og ta området tilbake mot slutten av krigen, noko som raskt førte til Tyskland sitt totale nederlag. Japan la under seg heile fastlands-Asia, men dette på bekostning av Stillehavet; der fekk USA herje som dei ville, og knakk raskt Japan sin økonomi.

    Ulike strategiar fører til ulike spel. Du veit ikkje kva motstandaren tenkjer, du må raskt tilpasse deg ein ny situasjon. Kanskje kan du utvikle ny teknologi, men dette går på kostnad av andre innkjøp du gjerne skulle ha gjort.

    Noko downtime gjer at dette spelet ikkje kjem til å dukke opp så ofte, men måten du blir utfordra på strategisk er ganske uovertruffen.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.