Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4571
    Sten Ole
    Participant

    Endelig har eg fått prøve det myteomspunne Battlestar, som står som eit historisk fundament i klubben. Alle historiane frå gamledagane handla om dette spelet, den gylne tida då alt var nytt og Battlestar var best. Og no har eg forlatt den eksklusive klikken med folk som aldri har erfart det. Det er tydeligvis ein ekspansjonsjungel som andre har utforska og kome fram til dei “rette” kombinasjonane.

    Eg hadde det kjempegøy. Det innfridde med intriger, drama og spenning. To uskyldige måtte sture i briggen, takket vere mine galne antagelser. Og eg mobiliserte deckcrewet med once-per-game abilitien til å redde den alkoholiserte cylonadmiralen vår. Alt eg gjorde opp til colourblind-gate baserte seg på Felix Gaeta sine skråsikre utbrudd, Tigh sin godsinna oppførsel tidlig i spelet saman med sympatisørkortet i andre fase. Det at presidenten friskmeldte visepresidenten låste meg inn i feil verdensforståelse. Det var herlig!

    Spelet har sine gammaldagse tendensar. Kampsystemet er der det knirker mest, men det er samtidig greit å ha noko som ikkje er alt for enkelt til å distrahere oss mellom krisene.

    Det er kanskje relevant å sette spelet opp mot Unfathomable, som kopierer mykje av mekanikken i spelet. No i ettertid forstår eg dei litt underlige tingene som ikkje heilt passer inn i det spelet. Cthulhu-båt-konseptet glir ikkje heilt lett inn i Battlestar-hansken. Men kampsystemet og actionane på båten føltes meir viktig der enn i Battlestar. Unfathomable hadde også kriser som betre tydeliggjorde at vi var på ein båt med mange passasjerer. Battlestar gir lite tanke til mannskapet og til følgesskipene. Spelene gir mykje det same med tanke på opplevelse, så noko klar vinnar har eg ikkje mellom dei to.

    Uansett, Battlestar var ei perle av ein TV-serie. På mange måtar er spelet ein måte å nyte TV-serien og det rike karaktergalleriet der. Det er 2000-tals-nostalgi på ditt beste.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.