Caverna

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1256
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eit innhaldsrikt worker placement med god stemning. Alltid noko å gjere, men ikkje alltid like lett å vinne.

    Caverna

    #1257
    Sten Ole
    Participant

    Ikkje lett å sjå gameplay ut fra bildet. Eg rekner med at du skal hogge ned skogen din og bytte den ut med åkrar og dyr. Fjellet skal uthulast og tømmast for jern og sølv? Så vinner den som har fått utretta mest?

    #1258
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Du kontrollerer ein familie med dvergar som fungerer som bønder med dyr, grønsaker, korn, vedhogst, gruvedrift. I fjellet der du bur lagar du ulike rom og gongar. Alt dette for å utvikle brettet ditt med nye tiles. I tillegg kan du trene dvergane til heltar som dreg på «quest» som gjev gevinstar ut frå kor erfaren dvergen er. Alt i eit maskineri du utviklar runde for runde der du samstundes må tenke på å fore dvergane med mat.

    #1384
    Sten Ole
    Participant

    Har no endelig fått prøvd spelet, i tillegg til Forgotten Folk-ekspansjonen. Som førstegong-spelar var reglane stort sett overkommelige. Det var naturleg nok ein del mulighetar som eg ikkje såg før spelet var over. Speldesignet er solid med måten du gjer ein terrengtype om til ein annan osv. Det blir litt information overload med alle “bygningane” som alle har sine små påvirkningar.

    Ekspansjonen krydrer med nye rasar, nye “bygningar” og eit par nye ressursar. Rase-egenskapane føler eg kanskje går litt for langt i å styre kva strategiar som kan fungere. Bygningane garanterer på ein måte litt variasjon for spelarar som har grodd seg fast i ein viss måte å spele grunnspelet på, vil eg tru. Dei nye ressursane tilfører spelet lite, men er nok nødvendig for å gjere rasane meir balanserte.

    Føler litt for å spele det igjen slik at eg kan teste ut strategiar, optimalisere dei første rundane osv. Men spelet mangler litt piff og action. Å bygge opp bondesamfunn er litt gøyare når du kan brenne ned landsbyen til naboen.

    #1386
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det er nettopp det fredelege som gjer Caverna til noko avslappande gøy. Når du har spelt nokre gonger, vil poengsummen mellom spelarane vere veldig tett. Artig å sjå korleis ein av dei erfarne spelarane gå heilt på trynet når den nye rasen han spela åt stein i staden for mat. Ekspansjonen fungerte fint og førte ikkje til meir å halde styr på. Sist speling brukte me dei «tyngste» sidene med flest bygningar. Å ta bilde med mobilen var heilt glimrande for å kunne lese alt.

    Caverna - The forgotten folk

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.