Churchill

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1142
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Har no spelt «Training scenario» som går over tre «conferences» og veit meir kva som skjer i spelet. Me gjorde nokre småfeil, men klarte å ende opp med total «surrender» frå Tyskland og Japan. Spelarane skal samla vinne over «Axis» på fleire frontar, og må i eine halvdelen av ein spelerunde debattere fordeling av ressursar til krigsmaskineriet. I tillegg kranglar ein også om politikk og etterretningsaktivitet i Europa og koloniane i Asia, og globale reglar som er til fordel for kvar og ein. Litt merkeleg løysing på vinnaren på to av «winning conditions», men det gjev kanskje meining etterkvart når me har spelt nokre gonger. Eg er klar for full «Campaign».

    Churchill

    • This topic was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
    • This topic was modified 5 years, 8 months ago by Rune Hanssen.
    #1147
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Leder
    Bruk av lederen gjer at du må kaste eit medarbeiderkort. Når lederen er inaktiv kan han ikkje brukes. Nokre kort kan blokkere lederen fra å fremme ein issue, men fortsatt debatere. Dette er noko anna enn å vere inaktiv.

    Second front/USSR Declares war on Japan
    Desse er issues som ikkje slår inn med mindre dei står på midten av diskusjonsbordet på slutten. Det vil sei at å flytte på desse markørane er å blokkere handlingane. Når du flytter issuen tilbake mot midten, har du lov til å la vere å bruke den fulle verdien på kortet du brukte. USSR Declares war on Japan må vedtas igjen dersom Manchuria ikkje blir erobra på runden det blir vedtatt. Second front må vedtas igjen dersom Normandy ikkje blir erobra på samme runden den blei vedtatt.

    Chief of Staff
    Denne medarbeideren treng ikkje bestemme kva for ein issue han vil fremme før han har trilla.

    Theater leadership
    Stalin kan ikkje ha theater leadership. Den som vinner lederskap-issuen får 2 naval/offensive-markørar. Å ha lederskap gir i tillegg 1 naval/offensive-markør.

    Breakthrough
    Ein front kan berre flytte 1 steg når det andre steget er ein amphibious sone.

    UK/USA front
    Begge land får 8 poeng når ein av dei når Tyskland/Japan.

    Følelsane rundt dette spelet er litt uavklarte for min del. Du er litt tvunget inn i det historiske forløpet. Dette er nok litt forsterka av at me spelte training scenarioet der me starter 70% ut i spelet. Eg er nok også litt traumatisert av terningane som jevnlig motarbeida meg. Eg blei heller ikkje heilt overbevist av spelet om spion/politisk overtakelse av småland. Dette var eit separat spel som ikkje såg ut til å påvirke noko anna. Eg har det likevel gøy, spesielt kriginga på konferansane.

    #2657
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Church

    – 6 timar gjennomspeling
    – reglar ok
    – god stemning
    – rare «winning conditions»

    Spelet krever ein tur til om nokre månader, då utan aktiv poengtrack.

    #2659
    Sten Ole
    Participant

    Eg ser me allerede har ein tråd for dette spelet med regel-errata. Einaste eg trur me spelte “feil” i dag er visst tolkninga av “aktiv” leder. Eg såg det no i ettertid. Aktiv betyr at lederen ikkje har blitt brukt. Inaktiv betyr det omvendte. Det har ikkje noko å gjere med om eventkortet seier at leiaren er på møtet å gjere.

    Eg blei totalt most i dag både av terningane, av Jarle/Rune-komboen og av omstendighetane. Det skal også seies at eg gjorde 3 megablunderar som Stalin. Eg burde ha bygd opp Nord-flåten, ikkje gått mot Japan uten å få noko tilbake for det og eg burde ikkje ha prøvd å slåss på østfronten før det var trykk frå vest (ellers kjem det automatisk 4 tyske reserver som sperrer vegen).

    Frå regelbibelen—
    DESIGN NOTE: Players have to win the game within an
    alliance structure. A cutthroat winner-take-all style of play
    may result in the most points but could drive your Allies into a
    pact against you in the peace to come; hence why the secondplace score wins in condition 2, as they become the leader
    of a two-power coalition against the most powerful nation.
    Condition 3 should be considered a loss for the alliance, but
    heralds a potential deal being cut with the former Axis power
    for leverage in the peace to come, but again the leaders take
    a VP shave before the final tally. To win the peace you have
    to play a subtle game to win by a close, cooperative score or
    suffer the ensuing world chaos where the nation with the initial
    post-war advantage is hard to predict.

    #2666
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Etter å ha tenkt litt på dette spelet, trur eg konklusjonen er at eg likar det ganske godt. Sjølv om vi sist gong hadde aktiv telling av poengtracken, var det ikkje så veldig viktig kven som vann (med spelet sine rare reglar for kven som vinn). Det tyder på at sjølve spelet er det kjekke, at du får til ting; det gav små mål undervegs som gjorde at timane var kjekke. Likevel er det nok greitt å avklare “korleis” ein vinn neste gong, samt (truleg) ikkje telje poeng aktivt undervegs, men bruke “blikket” for å sjå korleis det ligg an med dei ulike stormaktene og finne ein god balanse. Eg er klar igjen seinare!

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.