Condordia

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3062
    Sten Ole
    Participant

    Ein tentativ review

    Samplingsgrunnlaget mitt er ein testrunde på Italia-kartet med Rune og Tor Inge the Destroyer; ein simulert 2 player med meg sjølv på Mallorca-kartet med fiskemarked; og ein runde med minstedottera mi for å teste kor lettlært det er. Grovt sett kan eg sei at klubbtesten var ganske random, men eg følte at eg og Tor Inge klarte å få mykje til og at eg tilfeldigvis hadde kort som passa godt med det eg gjorde. Fiskemarkedet gav litt fleire mulighetar til å få ting til fordi du kunne få små bidrag til å betale for ting som du normalt ikkje ville fått til. Ulempen med det er at det er potensial for AP når du har endå fleire knappar å trykke på. Så fiskemarkedet sakker kanskje spelet ned. Valget blir altså om du har lyst å gjere spelet tungt eller purt. Kampen mot dottera mi gav meg ein innføring i subversil spelestil. Ho fant ut at ho ville samarbeide heller enn motarbeide meg. Ho er egentlig litt for ung for å spele slike spel men mekanisk sett klarte ho alt uten hjelp. Det blei litt slitsomt at ho heile tida ville veksle pengar til store myntar (som ho tydeligvis meinte var den ekte win-conditionen. Men ja… om spelet…

    Condordia ser kjempestygt ut. Det er samme grelle designen til Imperial og Antike II. Dei stiplete stiane mellom byane minner også litt om Ticket to Ride. Ressursane i spelet liknar på noko ein finn i eit Uwe Rosenberg-spel. Alt er i tre og fungerer fint. Eit underleg valg er å ha ein poengtrack rundt brettet når du utelukkande får poeng på slutten av spelet.

    Spelet er eit slags deckbuilding spel med ein økonomi som baserer seg på samle ressursar og bruke dei. For å vinne spelet må ein bygge hus rundt i verden og samtidig kjøpe dei rette korta. Eg vil sei at det ikkje er eit purt deckbuilding spel fordi korta du kjøper ikkje er særlig betre enn startkorta dine. Formålet er delvis å fokusere handlingar du vil gjere oftare. Kombinasjonen av kort og tilstanden på brettet (hovudsakleg hus) er det som danner grunnlag på poengsummen din. Loopen i spelet er at du har alle korta på hånd. På turen din speler du eitt kort og gjer det som står på det. Om du på turen din ikkje vil spele kort frå hånda di, kan du trekke inn discarden din og begynne på nytt turen etterpå. Det finnes ca berre 10 typar kort, så etter kvart er det mindre problematisk at dei grafisk sett er ein wall-of-text. Det er interessant at spelet har 1000 forskjellige kart som blir liggande igjen i eska siden spelet berre bruker eitt.

    Du har eit lagerhus som har lite plass. Så spelet legg ikkje til rette for at du skal samle mykje av alt og ha frihet til å gjere det du vil. Du sliter heller med at du må ha kortsiktige prosjekt som du må samle til og så tømme deg og begynne på nytt. Prosjektet kan vere å bygge hus for å auke produktiviteten din, å få fleire kolonistar så du kan spre deg meir utover, eller å spare til kort. Samleprosessen tek ofte fleire turar siden du mangler produktiviteten i rette ressursane, mangler penger eller har korta du treng liggande i discarden. Kanskje du let deg friste til å bruke ressursane på sideprosjekt fordi det passer inn med dei resterande korta på hånd, men så innser du at du nettopp har brukt den eine ressursen til hovedprosjektet ditt som du må streve litt for å få påfyll av. Spelet er derfor konstant litt småfrustrerande.

    Interaksjonen med andre spelarar på nivå med worker-placement-spel. Du kan stille deg i vegen og bygge der andre har lyst å bygge slik at det blir dyrare for motstandarane. Kortbutikken er nok der ein blir mest irritert på dei andre spelarane siden du av og til peiker deg ut eit kort eller to du vil ha og sparer til desse, men spesielt på dei billige felta forsvinn korta fortare enn du har lyst. Du har også positiv interaksjon der andre kan få nytte av produksjonen din om dei har bygd husa sine på rett plass. Det finnes kort som kopierer korta til motstandarane. Så sjølv om du bomma på kjøp av eit kort så kan du likevel dra nytten av det ved å kopiere.

    Spelet er mekanisk lett å lære, men strategisk litt uvanleg. Så det tek nok ein omgang eller to for å få til noko ein kan vere stolt av. Varigheten er på kanskje 30 minutt per person, avheingig av kor forvirra spelarane er. Spelet fungerer med 2 spelarar, men inviterer til å gjere dumme ting for å begrense motstandaren i dette tilfellet. Eg trur derfor at minst 3 spelarar bør spele for at det skal fyre på alle sylinderane.

    Eg er totalt inhabil i vurderinga om dette er “eit bra spel” siden eg allereie har kjøpt det. Eg trur det er eit unikt spel utan at det har enkeltelement som er revolusjonerande. Det har ein minimalisme over seg som lett kan drukne blant alle glinsande kickstartar-spel som er i omløp for tida. Det kan framstå som ein tørr euro uten gode historiar å fortelle, men du er heile tida i ein beslutningssituasjon der du prøver å kome deg vidare til neste steg i planen. Eg trur dette spelet kan speles mykje før ein speler seg lei. Spelet er litt meir fredeleg enn eg eg elsker, men det er nok lettare å få på bordet enn Yellow and Yangtze. Personleg kjem eg nok til å halde dette spelet høgt så lenge økonomien i spelet føles vanskeleg å temme.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.