Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Covenant
- This topic has 0 replies, 1 voice, and was last updated 2 months, 1 week ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
04/01/2026 at 13:24 #4547
Sten Ole
Participant
Covenant er eit spel om dvergar som skal hogge i fjellet, transportere material, bygge bygningar og ta dei mindre kjekke skapningane i fjellet til fange. For å gjere ting brukar du dvergane saman med eit av verktøya dine, kvar som tilsvarer ein bestemt actiontype. På vegen går du opp på tre forskjellige tracks, samlar relics og lagar nye verktøy. Resultatet er at du får fleire inntekter, får gjort meir og bonusane kjem på rekke og rad slik at det som opprinneleg berre er ein action blir til ein foss av positive konsekvensar. I slutten er det ein poengsalat som må nøstast opp i. For det meste lønner alt seg, så det er ikkje så lett å vite kva ein bør satse på.
Konkurranseaspektene kjem helst fram i bygningsplassering. Du har eit kart med byggeplassar og mineralforekomstar. Du har ulike typar bygningar, men alle har egenskapen til å blokkere for andre i ulike geometriar. Om du får dei beste mineralene, så har du det betre. Det er også litt spel i å renske monstre vekk frå din eigedom og gjete dei som du ikkje fanger over på andre sin plen.
Fordi spelet i grunn handler om å velge rett action på rett plass som får spelet til å spy ut gevinstar, er nok dette eit spel som er litt vanskeleg første gongen. Når du etter kvart ser terrenget du jobber i, så glir spelet overraskane fort. Kvar spelar får 12 actions i løpet av spelet, så du blir både overraska over kor mykje du fekk til og samtidig føler du at du aldri får til nok. Spelet har 6 “butikkar” for ulike typar ting som du kan hente i spelet som gir deg ein overflod av valg som du må ta stilling til. Det er nesten som om designeren såg eit spel med 4 butikkar og tenkte at fleire butikkar er endå betre.
Spelet er mesterleg og solid skrudd saman. Gøy-faktoren er avhengig av om du likar tracks, actionkjeder og ressursforvaltning. Spelet gir ikkje meir fortelling og historie enn det komponentane framkaller. Dvergane drikk øl og går på jobb. Og når dei kjem heim på kvelden, slenger dei ein goblin inn i fangeholet som du nettopp utvida sist runde. Eg koser meg sånn passe mykje.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.