Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4632
    Rune Hanssen
    Keymaster

    DR

    Ei mekanisk suppe som faktisk ikkje manglar atmosfære. Alt ein driv med er på turane sine heng fint saman med planane eit prøver å få til. Faktisk går runden passe fort så lenge ein er flink til å sei i frå når ein er ferdig med ting som involverer andre. Eg hadde det gøy og eg kjende på spenninga lot slutten. 4 spelarar og 3,5 timar speletid.

    Slutten var frustrerande. Som aller siste spelar vart eg straffa hardt sidan alle dei andre vart «verna» mot mine siste desperate handlingar. Vinnaren hadde 88-ish poeng —- eg: 38. Sånt blir eg sint av, men eg skal gje spelet ein sjanse til der eg skal ha meir fokus på aggresjon i staden for glede.

    Eg håpar litt regelrens gjev håp.

    #4635
    Sten Ole
    Participant

    Skulle nevne dette tidlegare, men eg trur avslutningen er mindre brutal om vi hadde bygd bygningar. Med fort eller garnison låser du folk ute frå å legge inn kubar på øya og å hente kort fra feltet. Å gå i kamp mot bygningar er heller ikkje lønnsomt siden du ikkje plyndrer i den kampen. Pirate-mode gjer same effekten, men då vinn angriperen kanskje ressursar via plyndring. Pirate-mode er altså ikkje avskrekkande på same måte.

    Inntrykket mitt av spelet er litt forbetra siden sist gong eg spelte det. Eg hugsar det dom litt meir knotete enn det var. Eg er fortsatt ikkje heilt fan av sleeve-greiene siden du kan få til same mekanikken med meir lågteknologiske midler. Det minner også litt for mykje om eit kortspel som heiter Gloom (som handler om å spele ulykkelige erfaringar på familien din før du dør og positive livserfaringar på motstanderfsmiliar).

    #4636
    Marius Blom
    Participant

    Eg hadde det kjekt mens eg spelte. Vi ignorerte jo heile konseptet med bygninger, så mulig det hadde gjort slutten bedre slik Sten Ole nevner.

    Eg har vertfall lyst å prøve det igjen.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.