Eclipse Second Dawn

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2833
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eclipse Second

    Eclipse er Eurogame-versjonen av Ameritrash-legenda Twilight Imperium. Med eit smidig logistikksystem og mangfold i utviklinga av teknologi, inviterer spelet til mange artige mekanikkar. Romskip kan utviklast slik kvar spelar sjølv vil. Teknologi må forskast på i rett tid, og likeeins med oppgraderingane. Våpen, skjold, kalkuleringsmaskinar, energisystem, motorar og skrog må takast hensyn til.

    2nd edition har gjort alt dette enno meir flytande og oversikteleg. Me testa med 3 spelarar og var ferdig på 90 minutt. Eg ser ingen restriksjonar på å vere 6 spelarar. Galaxen vert større, og samhandlingane meir interessante. Eit solid og smidig spel.

    #2835
    Sten Ole
    Participant

    Eg hugsar knapt 1st edition utenom at det var eit litt gøy spel. Med sitt litt tørre grafiske design, generiske komponentar og tegneserie-figurar var det lett å gløyme. Eg hugsar også at det tok eit par turar før eg skjønte kva eg dreiv med.

    I 2nd edition synes eg at setup og reglar virka meir logiske (sjølv om dei var dei same). Player boards, player aids, ressursbokføringa gjorde alt tydelegare. Miniatyrane fekk ting på brettet til å “poppe” meir. Tech brettet gjorde det lettare å sende techen til spelarane istedenfor at spelarane må vrenge seg rundt heile bordet for å få oversikt. Det er rett og slett eit meir nybegynnervenleg spel utan at stort har endra seg. Tidsbruken var også relativt låg i forhold til kva eg hugsar av 1st edition.

    Sjølve Eclipse er eit kvalitetsspel. Det er ein rar hybrid som lagar sin eigen sjanger. Det som er litt morsomt er at dei små får gjere mange actions, mens dei store knapt får gjere noko som helst. I løpet av spelet forsker du, oppgraderer skipa dine og kjemper i kamp ute i verdsrommet. Kampane kan vere heilt absurd einsidige om du har bygd skipa dine godt. Mykje av gøyfaktoren kan ligge i å nettopp designe monsterskip som ikkje kan beseires. Det er også lov å sitte fredeleg i eit hjørne og vere meir fokusert på økonomi og kunst(?). Resultatet blir uansett at spelet slutter og du teller poeng for alt du fekk til.

    NB: Ikkje samanlikn med Twilight Imperium. Hex tiles og romskip – Der ender likheten.

    #2838
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Discovery tiles
    Når du får dei, må du med ein gong bestemme om dei skal brukes som poeng eller “bonusen” dei har på baksida.

    Exploration
    Denne actionen let deg ikkje flytte inn skip gratis.

    Exploration discard
    Du kan velge å ikkje oppdage sectoren likevel og legge den i ein discard. Om du går tom for sectorbrikker, stokk discarden til ein ny stack som du trekker frå.

    Pin
    Skip blir pinna om dei havner i ein sector med motstandaren sine skip. Desse skipa blir limt til sectoren. Du kan altså ikkje normalt flytte gjennom sectorar der motstandarspelaren har skip. Pinna skip kan ikkje vere utgangspunkt for explore eller influence actions. Dersom du har fleire skip enn motstandaren i sectoren, vil ikkje overskuddsmengden vere pinna. Senter-bossen pinner alle skip uansett antal.

    Kamp
    Når fleire faksjonar ender opp i ein sektor, skal dei faksjonane som kom sist inn i sektoren slåss med kvarandre først. Den som kom først inn blir rekna som forsvarer. Sistemann får altså ikkje lov å velge kven han skal slåss mot, men må slåss mot nest-sistemann.

    Reputation tiles
    Den som kjørte først inn i ein sektor får trekke reputation markers først uavhengig av kampresultat.

    Retreat
    Retreat kan deklareres på starten av ein normal combatrunde (etter missiler er skutt). Skipa legges i kanten mot der dei skal flykte. Desse skipa får ikkje skyte og flykter før starten på neste kamprunde. Dette er eit relevant val for skip som har skutt missiler og etterpå kun fungerer som kanonføde. Om alle skip prøver å flykte, vil du ikkje få reputation tile for kampen (men kan likevel få for alle skip som du ødelagte).

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.