Feast For Odin

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1189
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Uwe Rosenberg igjen. Vikingtema med worker placement og puzzle bits. Spelet har mange innfallsvinklar til poengjakta. Mykje kos!

    Feast For Odin

    • This topic was modified 5 years, 7 months ago by Rune Hanssen.
    #1192
    Sten Ole
    Participant

    Eg har bare gode ting å sei om dette spelet. Spelet henger godt saman på alle måtar. Når det ikkje er din tur, er du fortsatt opptatt med å pusle saman eit puslespel med bitar som er vanskeleg å få til å passe saman. Det finnes ikkje noko fasittsvar på kva som er best å gjere i spelet og ingen opplagte “reknemåtar” å optimalisere på. Du blir dermed alltid satt i ein tenkande/gjettande modus. Kanskje kvalfangst er veien å gå?

    Uwe Rosenberg har forresten òg laga eit spel som heiter Patchwork. Dette er eit enkelt 2-player-spel som hovedsakleg går ut på å fylle ein firkant med puslespelbitar. Simpelt, men det er lett å sjå likheten på det og puslespel-delen i Feast.

    Reglar…

    Kyr og sauer
    Det er rett at kyr og sauer kan gjerast om til gods.

    #2444
    Rune Hanssen
    Keymaster

    N1

    N2

    N3

    Norwegians ekspansjonen.

    • This reply was modified 4 years, 3 months ago by Rune Hanssen.
    #2924
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    The Roast of Odin
    Eg er meir fornøyd med punline på spelet enn spelet 😊 For: Dette var ikkje gøy. Det var masse små bitar og alt var mekanisk og ingen stemning eller logikk. Kvifor må maten stablast slik? Smakar den betre slik? Kvifor må brikkene liggje slik og slik? Tetris-elementet var heilt sentralt i spelet, men samtidig det som var kjipast. Tetris er gøy, men aleine på ein skjerm. Ikkje i brettspel. Hurra; eg reiser på vikingtokt og plyndrar kloster og kjem heim med…ein eller annan skatt som passar inn i puslespelet mitt. Det var ikkje det at spelet var vanskeleg; det var faktisk ganske lett, eller at eg ikkje fekk det til; eg fekk all-time second highest score; det var faktisk berre altfor kjedeleg å flytte brikker rundt om og spele Tetris. Då vil eg mykje heller spele Reavers of Midgard, der eg også flytter på brikker, men der er det kjekt og atmosfærisk. Men eg må vel berre erkjenne at eg ikkje er stor fan av Uwe Rosenberg sine spel… Eg har vel spelt..fem av spela hans, og ingen har vore superkjekke. Gøyaste har vel vore Caverna, samt eg av og til spelar Family ed. av Agricola med ungane heime. Rosenberg har jo mange fan i klubben, og utifrå mekanikkar etc. forstår eg at mange likar dette, men det er jo smak og behag. Så takk for laget Uwe; eg forstår at mange likar spela dine, men det er ikkje min cup of tea (eller min feast).

    #2930
    Rune Hanssen
    Keymaster

    «Ooooodin!!! Ramslauk denne gongen også?!» skreik Ragnar.

    «Gje meg kvalspekk og marg! Finn fram Hnefatafl! Me spelar om sølv!»

    Puslespelet handlar sjølvsagt om strevet du har med å utvikle statusen din i klanen. Festane er enklast med allsidig kost frå jakt og fiske. Artefaktar og anna brukskunst frå plynder og handel imponerer alle. Send dei vanskelege svogerane til Island. Bygg dei beste langskipa. Get famous!

    Bra stemning! 😊

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.