Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4557
    Sten Ole
    Participant

    Fornøyelig båttur med eit lite stødig mannskap. Det er nok, som mange social-deduction-spel, noko som må modnast med meir speling før det virkelig synger. Balansen i spelet starter i piratfavør med fleire navigasjonskort i piratretning og undertalet av piratar er relativt lite. Piratretningskorta har også effektar som generelt styrker kapteinslaget. Sailor-laget veit ikkje kven som er kven og er belemra med at retningskorta fører til utskiftning av kapteinen. Dei har i sum fleire pistolar som dei kan bruke til å halde på makta, men då er dei avhengig av god informasjon. Kultistane er fingeren på vektskåla som hjelper laget som sliter og rekrutterer vekk mannskap frå laget som held på å vinne. Eg trur spelarane må trenast opp til å sjå det balansespelet før me kan gjere intelligente ting på intelligente tidspunkt.

    Eg likte spelet sjølv om det var litt knotete med visse prosessar. Mytterifrekvensen var ganske ekstrem der makta kunne svinge fram og tilbake. Lange diskusjonar om navigatør og løytnantroller kunne fort bli overstyrt av overivrige pistolar.

    Spelet er veldig Secret Hitler-inspirert, både med den stegvise avgjeringa av retningskort, kreftene som kapteinen fekk utøve på ferden og kultistlederen som pluselig kan vinne om han klarer å holde ein låg profil. Den mest relevante forskjellen er at spelet er mindre bundet til turar med klokka og at dei enkelte retningsvalga ikkje er avgjerande for gangen i spelet. Det er større rom for spelarar å kjøre båten litt feil i starten av spelet. Piratane kan bruke dette til å lure kultistledaren til å overkompensere med å rekruttere vekk ein sailor siden han ikkje veit kven som er kven.

    Reglar, reglar, reglar…

    Det skal vere kommunikasjonsforbud etter at mytteriforsøk er ferdig der navigasjonsprosessen blir utført fram til kapteinen får det endelege navigasjonskortet i kapteinsloggen. Dette er nok delvis for å skape fortgang i spelet, og for å forme diskusjonen til å mistenkeliggjøre heile kapteinslaget og ikkje berre navigatøren.

    #4558
    Jarle
    Participant

    Eit stykke ut i spelet hadde eg spelet på brenne-lista mi. Heldigvis kom det seg, så det blir ikkje brenning endå. Eg er klar for ein runde til. For det er nok eit gøy spel her, sjølv om det ikkje kom heilt til overflata (pun intended) denne gongen, synes eg. Det var for mange uklarheiter på ting, som ikkje gjekk på reglar, men tolking. Det var til tider fiddly, med å reise seg og ta på (!) kvarandre, det var også eit vanskeleg deduksjonsmoment, for eg såg ikkje heilt kva informasjon eg skulle sjå etter for å vite kven som var kven. Dette spelet er nok også avhengig av meir dialog; det var mange som haldt informasjon godt skjult, og då er det ekstra vanskeleg. Avalon/Resistance er nok framleis min social deduction-favoritt, for det er så “reint”; skal du lyge der, må du vere god, og ha ei “forklaring”, og deler du ikkje informasjon, er du på raudt lag med ein gong. Men første gjennomspeling gjer at eg er klar for ein ny runde ein gong, før eg kjem med endeleg dom.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.