Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4536
    Rune Hanssen
    Keymaster

    F1

    F2
    Fort er eit spel om vår gode barndom frå 80/90-talet der leiker og pizza er valutaen som definerer gode vennskap og klubbar. Mannen bak Root har laga eit sjarmerande kortspel der eit salig kaos frå leikeplassane må navigerast i håp om å få dei rette vennene med til å skape den beste gjengen i gata. Skaff deg best status, håp at straumen av ungar stoppar, eller bli den første til å dekorere fortet sitt med den fantastiske makaroniskulpturen!

    Ingen likar han som kler Star Wars-figurane i Barbieklede. Obi KEN Wan liksom… ???

    #4540
    Sten Ole
    Participant

    Fort er ein tilsynelatande kaotisk deckbuilder med mykje personlighet. Kaoset kjem av at du delvis ønsker mange kort i samme farge for å maksimere effekter, men du vil også ha spredning for å få til ulike effektar og å utnytte følge-mekanikken når andre folk speler kort. Du har heller ikkje 100% kontroll på kva slags kort som kjem inn eller ut av stokken din. Det er altså så å seie umulig å lage den perfekte motoren.

    Ungane på korta gjer ofte ting som stemmer overens med korleis dei ser ut og kallenavnet sitt. Typiske barneting skjer der barn finn seg ein ny heim i ein annan vennegjeng og interessene i vennegjengen endrer seg over tid. Du har også bøllete barn som gjer at andre barn forsvinner frå miljøet. Omplassering og terminering er noko som berre skjer med barna som ikkje finner seg til rette i fortet. Dersom du får ein unge inn i klubben som du vil beholde, må du gjere det som du kan for å holde han sysselsatt. Om motstandarane ser han ensom og aleine ute i hagen ein dag, så er han plutselig ikkje med i småbil-klubben din lenger.

    Eg likte spelet, og det er nok ein slager om ein går inn i det med rette forventningar. Det er eit kortspel med, etter kvart, god flyt der ein utfører actions på korta som ein speler. Målet er å score poeng, men det er likevel eit spel der poeng ikkje er i fokus. Det handler om Børge som alltid har med seg chips til gjengen, og populariteten gjer at han aldri er den som blir sittande aleine.

    Relgar, reglar, reglar…

    “Advanced setup”
    Spelet har ein advanced setup som egentleg berre er det same, men i staden drafter du dei 8 første startkorta istaden for å trekke dei blindt. Kan også nevne at det er eit startplayer-kort for å holde styr på kven som skal vere siste til å spele kort i spelet.

    Spele kort er frivillig
    Du kan hoppe over å spele kort om du vil, eller om du ikkje kan.

    Kort med gangeteikn
    Når du speler kort og “forsterker” dei med andre kort, legger du dei forsterkande korta under hovedkortet for å gjere det klart kva som blir spelt og kva som berre gir symbol. Det er ikkje lov å legge til kort dersom dei ikkje gjer noko. Vurderinga om kortet gjer noko skjer som om du legger korta til ein etter ein, så rekkefølge kan potensielt gjere at du får til å spele eit kort som eigentleg er overflødig pga av at du brukte eit dobbelsymbol-kort til slutt.

    Valgfri pizza eller leketøy
    Når du får fleire av ein valgfri ting, må likevel alle vere av same type, og motspelarar får same type ting om dei bruker follow-kort. Merk at dette berre gjeld når du får ting inn til deg, ikkje når du flytter frå stash til pack. Det kan også nevnes at om lederen ikkje veljer ein type fordi han aldri gjorde actionen kan kvar person velge om dei får pizza eller leketøy.

    Minst ein fullstendig handling
    Minst ein av handlingane må utførtast fullstendig. Det vil seie at dersom eit kort gir deg to pizzastykker og du berre har plass til ein, så må du gjere den andre handlingen på kortet og den må vere fullstendig. “Follow”-handlingar må også gjerast fullstendig. I rare tilfeller der du gjer ting 0 x noko, så er dette fortsatt ein fullstendig action. Eit tomt felt eller kort uten actions kan aldri bli brukt fullstendig.

    Follow
    Når du speler “follow”-kort så er det berre symbola på det eine kortet som du discarder som teller.

    Lookout
    Lookout-symboler teller berre for lederen som speler kort. Det er frivillig om lederen bruker desse symbola eller ikkje (og dei kan legges til ein og ein av taktiske rekkefølge-grunnar for at dei rette korta skal havne eller ikkje havne i yarden).

    Then-operatoren
    Det som står til høgre er obligatisk om du kan gjere det. Du må gjere det til venstre for å gjere det til høgre, men du kan også gjere det til venstre sjølv om du ikkje er i stand til å gjere det til høgre. Merk at du ikkje gjer det som står til høgre er det ein ufullstendig handling

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.