Fritidsmesse 21. september?

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #2109
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Kva tenkjer de?

    Fritidsmessa 2019
    Laurdag 21.09.19 kl. 12-15 i Husnes Sentrum

    Fritidsmessa er eit unikt høve til å profilere dykkar lag/organisasjon og verva nye medlemmar og frivillige. Alle lag og organisasjonar er hjarteleg velkomne, dette vere seg idrettslag, klubbar, turlag, helselag, hobbyaktivitetar og liknande. Målet vårt er å vise fram mangfaldet av fritidstilbod i heile kommunen og auka deltaking i desse.

    Vi oppmodar dykk alle til å ha ein levande stand med demonstrasjonar og utprøving av aktivitet, konkurransar og liknande. Vi nyttar lokala til Kvinnherad Kultursenter og vil ha stands ute og inne. Det vil bli arrangert tilflyttarsamling same dag og det er difor eit godt høve å rekruttere nytilflytta Kvinnheringar.

    Det vil verta høve til sal av mindre artiklar knytt til laget/organisasjonen sin aktivitet, samt loddsal eller liknande. Samtidig legg vi stor vekt på at dette ikkje er ei salsmesse og sal skal ikkje vere framtredande på den enkelte stand.

    Det vert pengepremie til beste stand!

    Meir informasjon og påmelding via e-post ingvild.marie.hilde@kvinnherad.kommune.no eller telefon 953 011 32

    Påmeldingsfrist 08.09.19

    #2110
    Thomas Thomsen
    Participant

    William sin bursdag den messa der så eg tenker eg er opptatt da

    #2159
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Berre for å sjekke om det er noko steming for å få til noko her..?
    Altså laurdag 21. september.

    #2161
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg er vekkreist dei to siste helgene i september. Går litt inn i ei karateboble.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.