Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Frosthaven
- This topic has 11 replies, 3 voices, and was last updated 1 month, 3 weeks ago by
Marius Blom.
-
AuthorPosts
-
13/03/2026 at 00:38 #4612
Sten Ole
ParticipantLite å melde ennå siden vi berre regelknuste og tørrtrente.
Reglar, reglar, reglar…
In general, negative abilities can only target enemies, and positive abilities can only target allies or the acting figure themselves. – Kommentar: Nei, Marius, du får ikkje lov til å slå vennane dine for å oppnå goals.
Grant: Allows a figure to grant an ability to any figure. The commanded figure then performs that ability. If the commanded figure is a character summon or scenario ally, the commanding figure decides how the ability is performed. – Kommentar: Karakterar er frie tenkande vesen.
(…) if any part of that action is performed, the character gains the indicated amount of experience. – Kommentar: Dersom du hopper over alt som actionen din gjer eller står for deg sjølv og vifter svedet ditt mot skyggen din, får du ikkje experience.
Initiativ har noko å seie i valg av fokus. (Feil regeltolkning av meg). Både fokusval og og sjølve vegvalget er to ulike dataprogram, men dei tar hensyn til mange av dei same tinga. Derfor der det lett å blande dei litt saman. Monsteralgoritmane står i appendixen bak i regelboka.
Du kan fint angripe eit anna monster på avstand utan disadvantage sjølv om det står eit monster inntil deg.
(Om retaliate,) If no range is specified, the bonus is only applied to adjacent attackers. – Kommentar: Måtte berre dobbeltsjekke.
Shuffle Icon: At the end of the round in which a modifier with the shuffle icon O is drawn, the discard pile is shuffled back into the deck. – Kommentar: Marius hadde rett.
13/03/2026 at 13:38 #4613
Marius BlomParticipantKommentar på Grant og summons.
Vil det sei at om ein summon blir granta movement, så er det monster/summon algoritmen som beveger dei?Eg dobbeltsjekka også om summon er ally, og det var dei
13/03/2026 at 17:22 #4614Sten Ole
ParticipantGrant abilities på summons er spelerstyrte.
Eg lurte på kva eine masteryen på karakteren min var, og fant ut at også den er så å seie umulig på level 1. Det inneberer at eg må drepe mange av mine egne summons med abilities som eg stort sett ikkje har ennå.
17/03/2026 at 11:42 #4618Sten Ole
Participant2 scenario er gjennomført, og Gloomhaven-vibbane er fullt på plass. Semi-coop-aspektene ved spelet har allerede vist seg med opportunistisk looting, solo-kjøring og battle goals som sender oss ut på suboptimale baner. Systemet er fantastisk til å heile tida tvinge oss til å velge mellom A eller B, det kortet eller det kortet, den fienden eller den andre, mist HP eller mist kort, short rest eller long rest. Gjennom heile spelet er det dilemma som er avgrensa nok til at det ikkje koker over, men også slik at du alltid må gjere valg og engasjere deg.
Som lag, er vi rimelege ubrukelege foreløpig, der abilities kjem ut på elendige tidspunkt. Noko vi kan bli meir obs på er at etter at korta våre er valgt, så kan vi åpent kommunisere kva vi skal gjere, nøyaktig kva vi treng av andre osv. Det ser ut som at blant anna bannerspearen er avhengig av kva andre gjer på.
Inntrykk av medspelerklassane er foreløpig at:
– Deathwalkeren er eit langdistanse masseødeleggelsesvåpen.
– Drifteren er ein mobil sopp som aldri er der vi vil han skal vere.
– Bannerspearen er ein slags dysfunksjonell sjakk-posisjonsklasse uten tydeleg retning.Boneshaperen på level 1 er ei litt vanskeleg nøtt fordi ho er ikkje fantastisk til noko som helst og har fleire distinkte svakheter. Bidraga blir små og mange, og ofte litt kaotiske. Ho er elendig i trange korridorar og elendig i “bakrekka”. Styrkane hennes blir nok meir tydelege på meir åpne scenario og når ho har jobba seg opp eit par levlar. Foreløpig er ho ein litt upraktisk papir-tank som tanker med skjelleta sine.
Gleder meg til første outpost-runde.
—Reglar, reglar, reglar…
Ein mini-regelpresisering om elementer. Element blir berre “infused” dersom den tilhøyrande abilityen blei utført. Det vil seie du ikkje kan bruke eitt kort berre for å “infuse” eit element (og evt sanke experience).
17/03/2026 at 15:41 #4619
Marius BlomParticipantEr enig i beskrivelsen for banner spear. Men eg trur kanskje eg må prøva ut ein litt anna spelestil med gruppa vår. I staden for å faila på å vera frontline tank, så tenkte eg å testa neste gang med meir som backline support.
18/03/2026 at 23:04 #4620Jarle
Participant“Noko vi kan bli meir obs på er at etter at korta våre er valgt, så kan vi åpent kommunisere kva vi skal gjere, nøyaktig kva vi treng av andre osv. Det ser ut som at blant anna bannerspearen er avhengig av kva andre gjer på.”
Ja, dette er viktig for å kunne utnytte karakteren sin, men også for å auke suksess-raten. Det er nokre skikkeleg vanskelege scenario, og der er kommunikasjon heilt avgjerandre. Ulike karakterar har eigenskapar som kan skinne i samarbeid med andre, og som blir heilt waste om ikkje. Heldigvis har ein jo uforutsette ting som Battle Goals, Personal Quests, Loot osv. som hindrar full mekanisk/alfa-speling, ellers hadde det jo vore kjedeleg.
28/03/2026 at 14:16 #4625Sten Ole
ParticipantLiten regelsak:
1 attack = Berre angrepet som går mot 1 target (relevant for blant anna itemen til Martin)
1 attack ability = Angrep som er avgrensa av strekar på kort (kan av og til innholde fleire linjer med angrep)
1 attack action = Oppe eller nede-delen på eit kort som inneheld angrep.Bonus-regel:
Som blei sagt av Øyvind, vil ikkje wound/bane føre til kill-kredittering.10/04/2026 at 22:23 #4627Sten Ole
ParticipantFrosthaven går unna med meir eventyr. Bannerspearen har begynt å tilføre verdi i gruppa. Drifteren har skrudd ned tempoet. Harmoni har senka seg i gruppa. Me har fått levla opp. Byen har blitt litt dulla med.
Foreløpig inntrykk er at scenario og karakterkvaliteten er litt høgare enn i Gloomhaven. I gloom var det fleire karakterar som kun hadde ein enkelt gimmik. Frosthaven ser ut til å tilby meir variasjon innenfor same karakter (foreløpig). Scenariene forsøker fleire nye konsept uten at dei blir heilt eksperimentelle. Vi får sjå om det fortsetter. Eg har følt meg trygg på at scenario skal gi ein fornuftig utfordring. Forhåpentligvis fortsetter det.
Skrivingen føler eg mangler noko. Det har visse underliggande antagelser om kvifor vi skal gjere ting som ikkje heilt spelet ikkje klargjer. F eks blir vi oppfordra til å ta ei side i ein intern konflikt mellom to grupper som begge har eit fiendtlig forhold til Frosthaven. Korleis det skal hjelpe byen eller oss seier spelet ingenting om, men det blir framsatt som fakta at dette er essensielt. Det er også ein disconnect mellom at vi er superlydige til ordre frå NPC nr 5, som også tar det for gitt at me er mannskap som kan fritt brukast, og dei kaotisk onde handlingane vi kan foreta oss på eventkort. Her synes eg at Gloomhaven hadde eit meir tydeleg plot.
Outpost-greiene er foreløpig mindre interessante enn eg hadde håpt. Å drive ressursforvalting for Frosthaven er ikkje spesielt gøy. Men ein positiv ting er tempoet som nye klassar blir låst opp. Vi har allerede to nye valg. Vi får sjå om systemet gror på meg.
13/05/2026 at 15:56 #4641Sten Ole
ParticipantOppdatering eit par scenario seinare:
Drifteren og Bannerspearen er borte. Dei har blitt bytta ut med Trapperen, som virker som av og til er god og av og til er ubrukelig, Og Blinkbladen som er litt meir allsidig og hypermobil. Boneshaperen ønsker å pensjonære seg med ære, men det ser ut som at det kan ta tid. Det viser seg at tilstedeværelsen av Deathwalkeren på laget avgjer om det er lett eller vanskeleg å vinne.
Eg er ennå litt skeptisk til byforvaltningen i spelet. Det er eit avbrekk frå spelet der eg ikkje føler så mykje relevant skjer. I gjennomsnitt blir byen betre og låser opp fleire ekstra-ting som også er fråkopla hovedspelet.
Skrivingen er fargerik men veldig fragmentert. Fordi progresjonen ikkje kan fortsette i ein retning om gongen, får du bruddstykker av ulike plot. Det gjer det vanskeleg å holde tråden på historiar som ikkje blei introdusert så godt i utgangspunktet. Først var det superviktig å slåss mot Algox. Så var me på ekspedisjon til ein spire. Så var me på jakt etter coral shards. Så må vi på jakt på undead. Eg aner ikkje kva som foregår og hugsar ikkje igjen ein einaste NPC.
Scenario-design har vist seg å vere meir variert enn i Gloomhaven på bekostning av kompleksitet. Mange scenario har ein gigantisk rosa boks i boka med tilleggs-reglar som av og til skapar meir spørsmål enn svar. No sist hadde me eit scenario som var bokstavleg talt umulig heilt til vi leste FAQen. Før det var det eit scenario som vi statistisk sett aldri kunne vinne med dei karakterane vi var på grunn av spesialreglar. På mange måtar foretrekker eg scenario der målet berre er å drepe monstre.
Karakter-design er der Frosthaven gjer det skikkelig bra. Eg kan ikkje hugse at eg trengte å bytte ut kort i Gloomhaven, men i Frosthaven er dette tilsynelatande halve spelet. Det er eit eige spel å myse på scenario-introen og gjette seg til kva som er rette utstyret for å vere god der. Det er i alle fall sånn for Boneshaperen som er mykje meir allsidig og interessant enn alle summoner-klassane i Gloomhaven til saman.
Tentativt 8,5 av 10 Shambling Skeletons
15/05/2026 at 13:13 #4646
Marius BlomParticipantEg er enig i det du skriver.
Er litt vanskelig å følge story når den heile tida blir stykka opp pga me må “vente” på X ting før vi kan fortsette.
Outpost phase er også litt vanskelig å sette seg inn igjen. Sjølve angrepsgreia er jo bare ein ressurssynk med litt fluff.
Når det kommer til scenario så har eg alltid vært i den oppfatningen at om “alt er sært/spesielt” så er “ingenting sært/spesielt”
Synest også at Frosthaven er generelt vanskelig på en dårlig måte. Er litt vanskelig å sei om gruppa vår blir “hard-counter” av scenario eller om vi bare er dårlige. Savner litt mer “KILL ALL THEN WIN OR LOSE” type scenario.
Men eg har stortsett det veldig gøy, heldigvis!
17/05/2026 at 13:53 #4652Sten Ole
ParticipantOk. Movement-reglane må børstast litt av. Etter sist speling, innser eg at movement-kunnskapane mine har hol. Så då har eg forska og kome fram til diverse:
A: Monster vil ikkje gå nærmare dersom det ikkje finnes ein hypotetisk uendelig movement trassé til å angripe. Dette gjeld blant anna dersom det allerede står andre monstre i alle felt der det går an å angripe ifrå. Monster tek ikkje hensyn til at andre monstre hypotetisk sett flytter seg vekk på ein framtidig tur.
B: Monster vil berre gå gjennom feller dersom det er den einaste måten å nå fram til målet med uendelig movement. Dette gjeld blant anna dersom det allerede står andre monstre i alle felt der det går an å angripe ifrå uten å gå gjennom feller. Berre for å klarifisere, så vil monstre alltid prioritere å minimere felle-hexer over å spare gangavstand så lenge det finnes ein hypotetisk lang veg å gå akkurat i dette sekundet.
C: Når vi rekner gangavstand skal vi rekne gangavstand til attack-hexen, der monsteret hypotetisk kjem til å angripe ifra. Dette kan ikkje vere ein hex der det står eit anna monster. Dette kan bety at fokus blir satt til ein fiende som tilsynelatande er mykje lenger vekke.
D: Anna oppdagelse, når ein ranged-fiende er disarmed, vil den flytte seg som om han skal angripe med eit melee-angrep. Dette blir likt som fiendar som ikkje har angrep.
—
Når vi har funne fokus og skal flytte på monsteret, må vi rekalkulere angrepstrasséen ein gong til for at monsteret:
– skal gå lenger for å legge til fleire angrepsmål enn hovudfokus dersom det har fleire targets.
– skal flytte på seg for å unngå disadvantage (dette gjer han ikkje om han er muddled).
– skal kome seg nærmare attack-hexen sjølv om han ikkje kjem fram.—
Dette er ting som berre betyr noko når ting blir trangt og det ligger feller overalt (slik som det vil gjere no ei stund til). I dei fleste tilfellene har monstre ganske enkel bevegelse. Så me treng ikkje stresse. Eg skriv dette her helst for å sjå om me har (eller kan få) ein tilnærma felles forståelse av dei meir kompliserte casene.
18/05/2026 at 08:05 #4657
Marius BlomParticipantVil det sei at om eg er fokus, men det er ingen ledig hex rundt meg, så vil monsteret velge et annet fokus? eller vil den bare stå i ro?
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.