Hannibal & Hamilcar

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #1348
    Rune Hanssen
    Keymaster

    2-player strategi om Punic Wars. Førsteintrykket er veldig bra. Mykje som skjer med passeleg mengde tokens og brikker. Konstant spenning heile vegen. Interessant kampsystem der angriparen speler kampkort som forsvararen må spegle og deretter prøve å ta initiativet med terningtrill for å gjere motangrep. Om ein ikkje klarar å spegle kortet tapar ein kampen. Reglane er ikkje heilt på plass i skrivande stund.

    Hannibal & Hamilcar

    #1350
    Sten Ole
    Participant

    Langvarig 2-player-spel med kriging for politisk og militær kontroll i middelhavet. Eventkort styrer gangen i spelet der spelaren anten velger å bruke eventet på kortet eller står fritt til å velge standard-handlinger betalt med kortet. Kampsystemet er unikt der forsvarer må forsvare seg med å matche det motstandaren gjer og prøve å overta initiativet. Generelt er soldattapene beskjedne, og det er dei politiske ringvirkningene av kampane som er vonde. I visse tilfelle kan det likevel gå skikkeleg ille om hærane dine ikkje har flyktruter eller om Hannibal er uheldig på havet. Då dør alt.

    Reglane er ikkje lette. Mange av mekanikkane liknar på Here I Stand. For ein nybegynner er det heller ikkje lett å sjå for seg dei kortsiktige målene. Sjølv etter ei gjennomspeling er ikkje desse heilt opplagte.

    Ein underholdande mekanikk i spelet er at generalane til Roma er “valgt” av senatet. Så etter kvar runde må 2 generaler ut av spelet og det kjem 2 nye inn. Desse nye er ikkje alltid like militært egna og har høgare rang enn generalane du vel å beholde. Så romerske offensiver kan plutseleg bli veldig tannlause.


    Reglar, reglar, reglar…

    Allierte
    Allierte gir Battle Cards avhengig av kva for provinsar er kontrollert og kor kampen skjer. Normalt gir allierte 1 kort per kontrollerte provins innenfor regionen. Nimidia Minor og Major gir 2 kort. Utkantprovinsane gir bare Battle Card innenfor den gitte provinsen.

    Elefanter
    Elefanter skaffes med ein spesiell event, normalt får ein bare vanlege CU. Når ein triller retreat-terningen, må første CU-tapet vere ein elefant. Elefanter må også dø om du triller 6 på attrition-trillinga.

    Siege
    Du må ha minst 3 CU for å gjere ein siege/subjugation. Priority Effects har normalt ingen effekt, men når forutsetningane er på plass, overstyrer effekten alt anna på terningflaten.

    Retreat
    Når hæren flykter så er den forplikta til å gå til nærmaste kontrollerte plassen så lenge det ikkje er ein vei som koster mindre CU. CU-kostnaden er 1CU per tribe og fientlig PC. Og 1CU per fiendtlig CU som passeres. Om flykten ikkje når fram på 4 trekk, dør alt.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.