Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #4276
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Hgmny

    Samfunnsklassesimulator!

    Artig spel som fint legg opp til humor i klassekampen. Grei regelfordøying på første speling sjølv om me ikkje fullførte (3/5 rundar). Tippar det blir spissare konkurranse etterkvart. Fine komponentar.

    #4277
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Bare 1 free action per tur
    Me kan ikkje gå heilt bananas med free actions. Det betyr kanskje at me ikkje får til alt som me vil. Free action kan gjerast før eller etter turen din.

    Immigration-kort
    Arbeiderklassen og middelklassen trekker immigration-kort separat for sine arbeidarar. Det har nok lite å sei, men gjer at vi kan få mange utdanna folk eller ingen.

    Trade union (Arbeiderklassen)
    Spelaren må opprettholde 4 arbeidarar i kvar industri for å ha ein mann i ein tilsvarande tradeunion.

    Streik (Arbeiderklassen)
    Ein streik mot middelklassen påvirker bare arbeiderklassedelen av firmaet. Streikar vil uansett bli fjerna ved produksjon, men bare der lønna er fiksa vil det vere faktisk produksjon og lønning. Der streiken påvirker vil arbeiderklassen få 1 influence.

    Demonstrasjon (Arbeiderklassen)
    Arbeiderklassen kan demonstrere om det er for mange arbeidslause arbeidarar. Om situasjonen ikkje blir fiksa før produksjon, fordeler arbeiderklassen minuspoeng til motspelarane etter kor mange arbeidsledige det er til motspelarane. Dei får også influence.

    Automatiserte firma med tannhjul gir ikkje token (Kapitalist)
    Det er spesielle actionkort som kan gi machinery tokens.

    Frihandelslagring (Kapitalist)
    Kapitalistane kan importere varer inn i frihandelssona frå utlandet uten å betale tariffar, eventuelt overproduksjon havner også her. Andre spelarar kan ikkje kjøpe desse varene, så desse er reserverte for eksport.

    State benefits (Staten)
    Om du gir vekk noko som ein provide action, har du lov å kjøpe desse frå motspelarane så lenge det ikkje er frå motspelaren som skal få det.

    Fiscal Policy
    Denne loven kan leses som 1 lån eller 2 lån fører til IMF-innblanding når dette blir sjekka, ikkje kor mange lån som går fint å ha. Når nye offentlig virksomhet opner, kan staten fylle dei med arbeidarar (i tillegg til å betale for opningen).

    Minstelønn
    Når minstelønna blir endra, kan/må spelarane endre alle lønningane. Du kan ikkje senke den der det er commited workers.

    Prisendring
    Når foreign trade-policyen blir endra, kan spelarane endre prisane sine. Når loven endrer prisen på helsetenester og utdanning, kan spelarane endre pris for å tilpasse seg.

    Eg er forvirra. Samfunnssimulator er eit godt ord for det. Mekanisk sett var spelet heilt greit. Det var i det store og det heile ikkje så vanskeleg å gjere actionane og å få spelet til å gå. Men korleis ein gjer ting i spelet som ikkje skyter deg sjølv i foten er eit mysterium. Eg trenger samfunnet for å overleve men det er også samfunnet som skal ha lønn, ser ikkje ut til å bry seg om du selger varer til lågar prisar (eller kanskje det bare er Tor Inge?) og skatten var til tider drepande. Det var ikkje lett å handle inn nok varer og tjenester til å gjere middelklassen fornøyd i alle fall. Det blei ikkje mykje betre når Laissez-faire-visjonen til Sturla blei realisert. Me får sjå om me skjønner spelet etter kvart og om det har mange sider å vise oss. Eg trur ikkje me heilt fekk sjå at prisar og lønnsnivå virka som dei burde, men det reflekterer kanskje virkeligheten også. Uansett, kjekt spel.

    #4849
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Etter ny gjennomspeling har eg fått meir innblikk i korleis samspelet mellom arbeidar- og middelklassen, kapitalistane og staten fungerer. Eg har berre spelt som staten, og føler no at eg meistrar kortstokken og korleis eg skal tilfredstille dei tre andre og samtidig kvele dei med skattar og lågare lønningar.

    Så langt verkar arbeidarklassen til å vere den skumlaste med demonstrasjonsr og streik. Kapitalistane kan slite veldig med skattar om den politiske agendaen ikkje passar dei.
    Middelklassen trur eg oppdaga nye viktige vinklar på kva som er teneleg for å kunne vinne.

    Spelet er interessant og turane er akkurat passe lange til at det går på fram og føles tilstrekkeleg.

    #4850
    Sten Ole
    Participant

    Erfaring frå gjensyn med spelet: Det virka som at poengbalansen var betre no. Det kan hende det er fordi vi er meir intelligente eller at vi gjorde noko feil sist gong. Det kan også hende at vi var meir forhåndsinformert om kva som gir poeng før i tida. Spelet er ennå litt underleg med actions som ikkje er heilt tydeleg korleis du kan utnytte skikkelig. Middelklassen, som eg spelte igjen, er i ein evig konflikt med seg sjølv der du vil ha både høg og låg skatt samtidig, både frihandel og proteksjonisme samtidig, og både dyre og billige offentlige tenester. Det er også ein evig balansegang mellom økonomisk gevinst og telefonkonsum (AKA victory points). Noko eg merka var at det låg meir pengar i å svindle staten via subsidieordningar enn å gjere kommersielle justeringar.

    Spelet blei litt betre, sjølv om det er årevis siden vi forska på det sist. Eg trur alle spelarane var raskare til å innsjå rollene sine. Når det er rasjonelle valg på brettet, så fungerer økosystemet som det skal. Og då begynner ein å ane mulighetane for spel og motspel, og det inspirerer til tankar om kva eg vil prøve å fokusere på neste gong, evt ting eg vil prøve ut med dei andre faksjonane i spelet.

    Det er ikkje akkurat eit lett spel, og vil vere eit vanskeleg spel å introdusere. Men player aidane er omtrent så gode som er mulig (men er også kjempestore med mykje lesing). Oppsett tek litt tid, og spelet tek nokre timar å kome seg gjennom. Eit 4-player spel har til saman 100 spelarturar + upkeep.

    Forhåpentligvis kjem spelet tilbake på bordet igjen om ikkje alt for lenge.


    Reglar, reglar, reglar…

    Game end lån
    På slutten av spelet mister kapitalisten 5VP per lån. Andre spelarar må betale $55 per lån og mister 1VP per $5 som mangler.

    Unskilled-prioritering
    Når ein kapitalisten, middelklassen eller staten opner ny arbeidsplass og ansetter andre spelarar sine folk på jobb, skal unskilled folk prioriterast der det går an innenfor den klassen.

    Lån (Kapitalist)
    Pengane skal inn til capital og ikkje til revenue.

    IMF (Politikk)
    Gjentagelse av tidlegare post (Fiscal Policy). Du er over IMF-grensa med 1 lån eller 2 lån (avhengig av policy), ikkje 2 eller 3. Prosessen tvinger politikken til startoppsettet utenom med litt lågare minimumlønn. Dette trigger alle effektane som kjem av endra politikk. Alle bills blir fjerna, og den som foreslo bills får 1 influence per bill. Arbeiderklasse og middelklasse blir skattlagt som om politikken i labor market (seksjon 2) ikkje hadde blitt endra den runden. Staten betaler $55 per lån eller alle pengane sine og fjerner låna. Så blir alle legitimacy-markørar halvert.

    Opphør av offentlige arbeidsplassar (Politikk)
    Politikaren kan selge arbeidsplassar sjølv om arbeidarane der er commited, som ellers i spelet ikkje er lov.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.