Here I Stand

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 28 total)
  • Author
    Posts
  • #962
    Sten Ole
    Participant

    Enda ein oppsummering fra ei testspeling av eit nytt spel. Eg noterer igjen ned ting som blei gjort feil på ein plass der alle potensielt kan sjå det. Det gir nok lite meining for andre enn dei som var med. Det får de bare tole. Med over 100 sider med reglar skal det nok litt til å få ting til rett på første forsøk.

    HERE I STAND

    Oppsummering av gjennomspelingen
    Sturla styrte Papacy og Hapsburg. Rune styrte England og Protestants. Sten Ole spelte Frankrike og Ottoman. Spelet begynte med Papacy og Hapsburg i krig med Frankrike. Mykje av spelet til Papacy og Protestants fokuserte i starten mykje på reformasjonen i Tyskland. Frankrike opna ein ny krigsfront med England etter at Skottland blei angrepet. Frankrike blei kriga i stykker, helst til fordel for Hapsburg. Ottoman blei i stor grad ståande utenfor. Me kom gjennom ca 3 turar før me kasta inn håndkle og erklærte Hapsburg til vinner.

    Inntrykk
    Spelet fungerte overraskande bra med 2 faksjonar til kvar person siden det var reglar på plass som hindra for mykje utnyttelse av situasjonen, blant anna eit effektivt diplomati-/krigeforbud mellom egne faksjonar. Av samme grunn fekk me ikkje testa ut diplomati-mulighetane fullt ut. Det var ein del som me fant ut at me gjorde feil underveis, f eks med kontroll av område.

    Sue for Peace
    Ein ting som skjer i diplomatifasen som blei oversett var “Sue for peace” muligheten. Det er i praksis ein måte for ein tapande part i ein krig å hindre å bli totalt overkjørt. “Vinnaren” av krigen får VP-markers og må eventuelt gi tilbake kontrol mot fleire VP-markers eller kort. “Vinnaren” blir tvunget til fred og sitter etterpå med mindre VP og korttrekk fordi han måtte gi tilbake keys.

    Kontroll
    Me fant ut av kontroll-reglane med at “siege” måtte utførast også mot tomme keys. Og kontroll på “unfortified space” krever ikkje at hæren din står der. Men det me ikkje fekk med oss var at det kreves ein LOC (line of communication) for å utføre et “siege”. Du må altså kontrollere område heilt inn mot keyen som skal takast. Her vil også sjøstyrkar hindre eit siege om det er ein kystkey om forsvarar har sjøstyrkar i havområde utenfor havna eller om det er like mange eller fleire båtar i havna enn angriper har i sjøområdet utenfor. Med andre ord, i kyststrøk er båtdominans viktig for å kunne oppnå militær dominans.

    Retreat into fortified space
    Flykte inn i ein “fortified space” kan bare gjøres av maks 4 units + ledarar. Resten må enten kjempe eller flykte med “avoid battle”-mekanikken. Avoid battle skjer først, så det går an å trille først så bestemme etterpå om noko skal forskanse seg i fortifikasjonen.

    Vinter
    Det blei sagt, men for å presisere, på slutten av vinteren kan det maks vere 4 units i ein fortified space. Og units som må vandre gjennom ikkje-vennlig område eller unrest taper halvparten av styrkane (styrkane kan gå over vatnet uten å ha båtar mellom vennlige havner).

    Spring mobilization
    Spring mobilization kan også gå over ei sjøsone så lenge ei anna makt ikkje har båtar i havn inntil den sjøsona.

    Sjøslag
    Det er litt krøllete reglar som gjelder for sjøslag. Vinnaren i sjøslaget er den med flest treff eller forsvararen ved uavgjort. Ved oddetals-treff vil taparen av sjøslaget tape ein båt til.

    Field battle
    Forsvarer får ein ekstra terning. Vinnaren er den som får flest hits uavhengig av om forsvareren blir utsletta. Dette kan leda til uintuitive resultat som at angriperen utsletter forsvareren, fanger forsvareren sin leder, må flykte og kan ende opp med at flykten er blokkert og hæren blir ødelagt. BGG forsvarer denne tolkningen.

    Om alt blir ødelagt i eit slag
    Den som hadde flest terningar får beholde 1 styrke. Ved uavgjort er det forsvarer som beholder styrken.

    Landstyrker over vatn
    Husker ikkje om me gjorde dette rett. Du kan ha maks 5 units i stacken som flyttes. Bevegelsen koster 1 cp + 1 cp per sjøsone.

    Debatantar
    Me brukte i gjennomspelinga vår feil side på debatantane. Når ein debatant er uncommited er det tekstsida som skal vises. Og den bonusen kan brukes når det passer. Når bonusen brukes så blir debatanten snudd. I debattar gjelder bonusen om den påvirker debatten og debatanten blir snudd. Utenfor debattar kan bare ein bonus bli brukt per implus.

    Reformers
    Når ein reformer dukker opp blir området automatisk reformert.

    Reformasjon og kontrareformasjon
    Som standard vil endring av religion favorisere forsvarer med mindre kort eller anna motseier det.

    Diplomatifasen
    Rekkefølgen er lagt opp til at det frivillige tosidige avtalane skjer først, alt blir som regel gjort i implusrekkefølge. Etterpå skjer alle einsidige diplomatiske tingene.

    Rekkefølge:

    1. Negotiation: Faksjonane diskuterer.
    2. Announce deals: Faksjonane oppgir i impulsrekkefølge alle bindande avtaler som skal skje med ein gong (fred, alliance, lån av båtar, kort-bytte, politisk kontroll, mercenary-gaver, oppheving av ekteskap, frivillig oppheving av bannlysning) Faksjonen oppgir avtalane pakkevis etter eget ønske så må kvar motspeler i avtalen i impulsrekkefølge bekrefte den enkelte pakken.
    3. Peace segment: Dei som har tapt ein leder eller minst ein key kan i praksis kreve fred i impulsrekkefølge. Det slår som regel best ut for taparen med mindre han fortsatt har mulighet til å slå tilbake.
    4. Ransom segment: Faksjoner kan betale militær-lederane sine fri i bytte mot kort.
    5. Excommunication segment: Faksjonar kan betale seg fri fra bannlysning med å betale et kort. Kortet blir brukt til å bygge katedral.
    6. War segment: Faksjonar kan erklære krig i bytte mot 2 CP.

    Potensial for alliansar
    Allianse åpner for:

    • å låne vekk båtar, samtidig som alliansen inngås. Dette kan vere essensielt til å utføre ein assault eller hindre ein assault eller å flytte styrker over vatn.
    • for å flytte hærar i kvarandre sitt område
    • oppnår LOC
    • felles forsvar mot ein delt fiende (merk av det ikkje gjelder for angrep siden styrkane ikkje flytter seg samtidig).
    • Ein alliert soldat i ditt område som ikkje er i krig med ein mostander vil blokkere motstanderens mulighet til å angripe deg.
    • Ein alliert kan hjelpe med å knuse ein siege.

    Grunner til å samarbeide i ubundne avtaler

    • koordinere mot ein felles fiende (ikkje nødvendigvis i krig, f eks ein speler som nesten har nok poeng til å vinne).
    • få ein annan til å spele events som gagner deg istedenfor å bruke kortet til CP.
    • protestantane og katolikkane vil ha interesse av å ha styrker til stede eller vekke fra områder som skal konverteres.

    Siste kommentarar

    • Interessant speldesign med unikt preg.
    • Tar tid å lære og spele.
    • Likte det bedre enn eg hadde frykta.
    • Det blir litt ventetid mellom impulsane/turane men fordi dei andre spelarane speler eit anna spel i spelet så er det interessant å observere kva som skjer.
    • Mykje potensial i diplomatiet med rett spelegruppe som kan spelet bra nok. Hovedproblemet blir nok å kunne sjå kva som gagnar dei ulike faksjonane sånn at du veit kva som gir meining å tilby.
    • Når me ikkje kan spelet så godt kan det føles som om det ikkje er du som speler spelet, men spelet som speler deg.
    #963
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Heilt fantastisk bra Sten Ole!

    Dette er til stor hjelp før neste speling. Inspirerande!

    #964
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    – Veldig bra, Sten Ole.
    – Du må vere med når dette skal spelast, for du har kontroll på reglane.
    – Korleis fleire på BGG skriv at ein kan lære spelet på 20 minutt, er rein svindel.
    – Virgin Queen var artig, men i høve speletid (elleve timar og me fekk ein vinnar i tredje runde trur eg), og ventetid (laaang tid imellom kvar gong det var din tur, men tida vart “heldigvis” nytta til å lese reglar heile tida), er eg usikker på playtime/fun-ratioen. “History of the World” er veldig gøy, men det er for langt (ca. 4-5 timar). TI er langt (7-8 timar), men det er veldig gøy heile tida. Likevel; som ein “happening” er nok Here I stand/VQ veldig gøy, men det er nok eigentleg eit spel som krever commitment; ein må nesten ha spelt fraksjonen sin eit par-tre gonger før ein forstår den, og sjølv då veit du ikkje heilt kva motstandarane dine held på med. Og sidan det er litt sjeldan slike spel blir spelt, fell ein litt utav det kvar gong. I VQ så vann eg grunna conversion i key locations eller kva det heiter, men eg forstod det aldri heilt, og alle måtte vente kvar gong eg måtte refreshe reglane.
    – MEN no som det ser ut som Sten Ole har kontroll, gledar eg meg til å gi Here I Stand ein sjanse. Me må nok då vere 6 stk., sjølv om eg inni meg kjenner at om eg hadde 6 stk. samla og ein heil dag til rådvelde, vinn TI prioriteringa.
    – Men berre for å la ranten gå…me har jo også t.d. “Republic of Rome”, som nok er i same vanskegrad og speletid som VQ/Here I stand. Det gledar eg meg veldig til å prøve ein gong! Og sjølv har eg snust ein del på å kjøpe “Antiquity”, som til trass for noko mindre speletid, kanskje er i same sjanger….men det er jo å finne tid til alt dette, utan at det går år imellom kvar gong, der kompliserte reglar gjer at ingen hugsar noko imellom kvar gong…

    #965
    Sten Ole
    Participant

    Me får sjå om me klarer å få spelet i gang igjen. Eg er klar til ein test til.

    #968
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Er lukkeleg over innsatsen din på regellesinga. Eg hadde tenkt å skrive ei liknande avhandling etter testspelinga, men du ordna den saken heldigvis. No er eg klar for ein ny runde – gjerne med tre igjen og byte av powers. For å slå reglane fastare inn i hovudet ?

    • This reply was modified 5 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
    #970
    Sten Ole
    Participant

    Eg såg litt meir i reglane etter at eg skreiv dette og det er meir på lur. Bytte av faksjonar er nok obligatorisk. Når det gjelder læretid på spelet er nok ikkje 20 minutt forkurs så langt fra sannheten. Rune sitt forkurs var ikkje stort lengre. Me spelte kanskje visse detaljar litt feil, men grunnreglane var på plass.

    Angrep mot tomme fort
    F eks at angrep mot tomme fort gir 1 terning per 1 unit istedenfor 1 terning per 2 units. Og at “nøytrale” og uaktiviserte minors vil gjømme seg i fort om dei er 4 units eller mindre eller gå inn for ein field battle om det er fleire enn 4(overlevande vil gjømme seg i fortet.) Me lurte jo litt på det.

    Spele kort på andre sine kampar
    I tillegg såg eg på BGG at å spele kort på andre sine kampar ikkje var lov. Eg veit ikkje om det gjelder alle kort. Eg rekner med at dette gjeld når ein alliert har styrker med i kampen også.

    FEIL FEIL FEIL
    Eg tar tilbake det eg skreiv om at ein alliert kan blokkere ein motstander som ikkje er i krig. Det var feil. Det er utrulig lett å lese feil når manualen av og til bruker så lange setningar.

    #975
    Sten Ole
    Participant

    HERE I STAND (RUNDE 2)

    Oppsummering av gjennomspelingen
    Sturla var Frankrike og Ottoman. Rune var Papacy og Hapsburg. Sten Ole var England og Protestants. Ottoman ødelagte Hungary i løpet av kort tid og kom tidlig i krig med Hapsburg. Krigen mellom Hapsburg og Frankrike hardna til etter at England allierte seg med Hapsburg. Ottoman blei hardt belemra med krig i heimlandet og blei midlertidig pasifisert. Hapsburg tok over fleire keys og fanga ledaren. Frankrike kapitulerte og Hapsburg hadde tent 5 VP på krigen. Papacy brukte mykje krefter på opprustning i Italia grunna fransk nærvær så Protestants fekk vokse relativt fritt. Ottoman og Hapsburg kom i krig igjen og hadde store styrkar som gjekk litt i kvarandre. Begge risikerte mykje på manøvrer for å kutte flyktmuligheter fra motstanderen. Spelet enda med Hapsburg i veldig god posision poengmessig og i form av kort.

    Inntrykk
    Me klarte i større grad å spele rett denne gongen. Me kom bordi eit par unntakssituasjoner som krevde litt regelgraving. Forståelsen av reglane rundt kriging var bedre og blei gjennomført raskare.

    Hapsburg var fortsatt mektig, likt som første gjennomspelingen. Det kan virke som at dersom Hapsburg konsentrerer seg om Frankrike mens Frankrike bruker tid på Italia, vil Frankrike knekke saman. Hapsburg har stor tilgang på kort og hærstyrkar og trenger kanskje tilsvarande mykje motstand. Konflikt mellom England og Frankrike viser seg igjen å ikkje gagne partane særlig.

    Bare ein intercept per impulse for ein unit
    Ein unit eller stack kan ikkje bruke intercept-mekanikken fleire gonger på ein impuls.

    Excommunication av ein reformer
    Både reformer og debatant (dersom det også er ein debatant) blir lagt på is på turn-counter-feltet. Dei kjem tilbake neste tur.

    Unrest vs Protestant-tropper
    Når ein electorate med unrest blir konvertert, blir protestant-uniten plassert. Unrest markøren blir ståande.

    Deaktivering av ein minor
    Når ein minor blir deaktivert, blir den allierte i heimfeltene sparka ut, og landet blir uavhengig. Styrker returnerer heim. Det vil sei at alle plassar der det er blanding av major og minor, blir det rydda opp.

    Algiers, Oran og Tripoli
    Algiers er eit spesielt felt. Det er utilgjengeleg til Barbary Pirates eventen har blitt spelt. Algiers, Oran og Tripoli har to fargar. Den eine viser kven som har den som home i starten av spelet. Den andre viser at etter spesielle events, kan dei skifte til å ha ein annan home-faksjon. Desse felta kan derfor fungere til å bygge units. F eks kan Hapsburg bygge båtar i Oran før plassen blir overtatt av Ottoman som seinare kan bruke det til å bygge corsairs.

    #976
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Me er klar for 6 spelarar no. Det gjekk tilfredstillande smooth på sist speling. Ser fram til å styre ein power.

    Eg har tru på at Hapsburg vil få det hardare frå turn 4. Frankrike verkar å balansere på ein knivsegg i starten.

    Rikt spel med mykje action!

    Andre forsøk - Here I Stand

    • This reply was modified 5 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
    • This reply was modified 5 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
    • This reply was modified 5 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
    #983
    Sten Ole
    Participant

    Her er forresten erfaringar fra ein som har spelt spelet to gonger. Hapsburg vant begge der òg. Eg trur kanskje motspelarane må ta eit kollektivt ansvar for at Hapsburg ikkje overkjører nokon i krig. Han virker litt smådeprimert for at protestants ikkje får til noko.

    https://www.youtube.com/watch?v=r3gjNOAkcI0

    Eg er usikker på kor sårbar Frankrike egentlig er. Noko både eg og Sturla gjorde var å plassere betydelige styrker i Italia, og me spelte begge “Patron of the Arts” i runde ein som i praksis bytter ca 3 CP mot 1 VP. Erfaringsmessig får Frankrike i tillegg mange kort. Eg har tru på at nøkkelen er å ta forsvarsrolla seriøst dersom Hapsburg setter styrker aggressivt på på våren.

    #984
    Rune Hanssen
    Keymaster

    England og Frankrike hand i hand mot Hapsburg. Distrahere med ein flåte og truge med invasjon av Spania via havet. Eller via Nordsjøen og inn i Tyskland med Ottoman penetrerande frå aust. Hmmm… Fekk lyst å spele igjen.

    • This reply was modified 5 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
    • This reply was modified 5 years, 11 months ago by Rune Hanssen.
    #1091
    Sten Ole
    Participant

    HERE I STAND (RUNDE 3)

    Sturla var Ottoman, Espen var Frankrike, Rune var England/Protestant og Sten Ole var Hapsburg/Papacy.

    Spelet åpna med ein ubunden avtale der Frankrike fekk eit kort av England mot at Frankrike holdt seg utenfor konflikten deira med Skottland. Denne avtalen blei brutt umiddelbart etter ved at Frankrike likevel gjekk for intervensjon. Åpningskrigen mellom Frankrike og Hapsburg var jevn og enda med at Hapsburg fekk victory points og Frankrike fekk kontroll på Metz. Protestantane hadde relativt lite suksess i reformasjonsarbeidet og sleit med å komme seg forbi Nürnberg. Papacy brukte mykje krefter på teologiske debattar. Ottoman gjekk relativt fort fram og tok seg inn i Buda etter kort tid. Dette trigga krig med Hapsburg.

    England fekk etter kvart kontroll på Skottland etter mykje om og men og snudde etter kvart siktet mot Paris som seinare falt. Dette førte til at Frankrike måtte kapitulere for å bygge seg opp igjen. Dette tok tid. Ein ny front åpna seg mellom Hapsburg og Ottoman med relativt store hærstyrker. Det utarta seg til ein blodig konflikt som tappa Hapsburg nok til at Frankrike og England utnytta svakheten og erklærte krig. Hapsburg var på dette tidspunktet likevel relativt ressurssterk og ytte motstand over tid. Etter kvart blei trykket for høgt og Hapsburg kapitulerte på vestfronten. Krigen med Ottoman fortsatte med jevnlig stort tap av menneskeliv. Ottoman måtte i tillegg håndtere krigar i Egypt og Persia som gjorde at dei ikkje kunne enkelt bryte gjennom.

    Protestant kom etter kvart med i spelet med ein påtvungen Sch****ic League-event, men var likevel ikkje bra posisjonert. Dei brukte mykje ressursar på oversetting av bibelen, men fekk liten uttelling for den franske og engelske bibelen. Når den engelske reformasjonen omsider kom i gang, blei dette hovedarena for den religiøse konflikten. Den engelske øya blei fullstendig konvertert til protestantisme i løpet av kort tid.

    På dette tidspunktet var England og Frankrike nære seier. Det blei eit race om å få victory points fra krig med Hapsburg som var håplaust opptatt med Ottoman. I tillegg kriga dei med kvarandre. På få omgangar gjekk dei teologiske debattane i England veldig dårlig. Fleire viktige engelske protestantar blei brent for kjetteri og katolisismen fekk ein renesanse i nordområdene. Papacy gjekk veldig fort opp på poengskalaen. England og protestantane forsøkte å starte eigne debattar for å repararere tapet, men dette førte berre til meir skade. Spelet endte med Papacy som sigerherre.

    Denne gongen fekk me prøvd ut 4 player og klarte å gjennomføre ei heil gjennomspeling uten å måtte avbryte. Det tok nesten 12 timar fra me møtte opp til me gjekk. Mot slutten var alle spelarane prega av dette. Basisreglane var greie å prosessere, men me måtte slå opp eit par ting underveis. Eit par feil blei gjort, men me klarte som regel å ordne det uten at spelet blei “ødelagt”.

    Det at Hapsburg er ikkje uslåeleg er ein gledelig erfaring. Det kan også se ut til at spelet er relativt jevnt poengmessig mellom faksjonane. Med andre terningtrill og kort kunne resultatet fort ha vore heilt forskjellig. Spelet er fortsatt litt rart når ein speler har to faksjonar. Dette elementet er både positivt og negativt for spelaren. Det er nok større fordel enn ulempe. Det er kanskje ikkje tilfeldig at vinnaren hadde to faksjonar.

    Som Hapsburg opplevde eg første delen som eit hav av valg. Eg tenkte at eg ville avvikle krigen med Frankrike raskt slik at eg kunne konsentrere meg om Amerika. Det blei fort eit spel som omhandla kreativ brannslukking med ein forferdelig tre-fronts-krig som aldri ville ta slutt.

    Som Papacy er det tydelig at du ikkje har militærmakt til å effektivt ta og holde mange keys. Derfor blei målet å debattere mykje og ofte for å holde protestantane nede og score victory points på den måten. Mykje ressursar blei også brukt til å holde Hapsburg levande.

    #1092
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Berre av å lese referatet du har skrive så skjønar ein at spelet inneheld veldig mykje. Nesten tolv timar var tungt. Eg hadde ikkje trudd me ville sitje så lenge. All ære til Espen som aldri har spelt HIS før, og som klarte å halde Frankrike på føtene med nokså god poengscore heile vegen.

    Det var greit å styre to powers, og det var interessant å sjå England komme i posisjon til å vinne. Protestants var krevjande, men artig med tanke på korleis reformeringa hadde innverknad for England. Papacy skulle hatt meir stabil juling undervegs.

    Det var veldig tilfredstillande å spele 7 av 9 rundar HIS. Eg er god og mett no, men er klar for nye rundar i framtida. Eg føler at diplomati og spenning har utvikla seg bra og det kan berre bli betre no når me veit kva som kan skje utover i spelet. Draumen er 6 spelarar med intense diplomatiske diskusjonar. Heilt konge!

    #1411
    Sten Ole
    Participant

    FORENKLA REGLAR

    Card draw phase
    – Spelarane får utdelt x antal kort på hånd avhengig av faksjon og situasjon.

    Diplomacy phase
    – Spelarane gjer formelle avtaler med kvarandre (Berre visse ting kan avtales formelt og alle andre avtalar i spelet vil vere ubindande).
    – Taparar i krig kan kapitulere (Krigsvinnaren får, som regel, VICTORY POINTS. Taparen får tilbake landområde).
    – Krigsdeklarasjonar (Koster kort tilsvarande ein COMMAND POINT-kostnad)

    Spring deployment phase
    – Me flytter ein formasjon fra hovedstaden gratis til fronten.

    Action phase
    – Me har kvar vår tur der me kan spele eit kort.
    – Me kan spele kort på to måtar, enten som event eller som COMMAND POINTS (På MANDATORY-kort skjer både event og du får COMMAND POINTS).
    – Dette går på rundgang til alle seier pass etter kvarandre.
    – Du får bare lov til å sei pass når du har x (mellom 0 og 2 avhengig av faksjon) kort igjen på hånd og ingen MANDATORY kort.

    Winter phase
    Alle styrkar må heim fra slagmarka.
    Dei legg seg enten i nærmaste fortifiserte felt eller hovedstaden.

    Gjenta til ein vinnar er kåra

    Actions
    – 1 CP for å flytte ein stack (4 units eller så mange units opptil 2 generaler klarer).
    – 1 CP for å flytte alle båter eit steg.
    – 1 CP for å legge ein kontroll markør på eit felt.
    – 1 CP for å kjøre ein ASSAULT (forklart seinare).

    Kamp
    – Når ting flytter seg kan forsvarer gjøre intercept eller avoid battle som begge handler om å trille 2d6+x >= 9 for å flytte gratis inn i kamp eller bort fra kamp.
    – Når ting ender opp i samme felt blir det enten ein field battle der spelarane triller mot kvarandre, grovt sett 1 terning per kampunit.
    – For å ta over eit fortifisert felt kreves ein ASSAULT action. Forsvarer kan også forskanse styrkar her. Her teller angripers styrker halvparten så mykje, og forsvareren må nedkjempes totalt.
    – Dei fortifiserte feltene er dei som gir poeng og gir større kort-inntekt til dei som kontrollerer dei.

    Desse reglane er grovt forenkla og det finnes fleire dimensjonar:
    – Sjømakt og sjømobilitet
    – Taktikkeri rundt å blokkere logistikk-kanalen til ein angripande motstander
    – Nøytrale faksjoner som du enten kan angripe eller få med på lag
    – Alliansetaktiske aspekter som gjer at fleire kan slåss saman, låne kvarandre båtar eller forbedre den logistiske kvaliteten på eit angrep
    – Faksjonsspesifikke poenggruver
    – Kolonisering av Amerika (poeng og kort-inntekt)
    – Reformasjon/kontrareformasjon og religiøse debattmaktkampar

    Reglane omhandler det taktiske, og det er lett å gå seg vill der. Spelet bør foregå mykje på det strategiske plan for å lykkes. For eksempel, når du er Ottoman, har du stort sett kontroll på ditt litle hjørne. Men for å vinne må du prøve å styre heile brettet. Reformasjonen må ikkje gå alt for godt. Paven må ikkje ha alt for god styring på Tyskland. Frankrike må ikkje bli overkjørt av Hapsburg og må heller ikkje få for mykje fred. England må ikkje ha det for lett med å skaffe tronarvingar. Og om nokon gjer det litt for godt, må du få heile bordet mot dei. Ingenting er så frustrerande for ein ledande spelar som å ha fem andre spelarar som konstant speler event-kort mot han. Og ut av skyggane hogger du til med dine Ottomanske horder. For kvar krig du vinn, får du 2 permanente Victory Points. For kvar vunnen krig er dei svakare rusta til å håndtere den neste.

    • This reply was modified 5 years, 3 months ago by Sten Ole.
    #1417
    Rune Hanssen
    Keymaster

    HIS 1. januar 2019

    Ny omgang HIS. 5 spelarar og 10 timar før me kapitulerte. Ingen definitiv siger etter reglane, men Protestants og England låg likt. Nye Powers for min del og dermed ny vinkling på alt. Tung men artig speling.

    Angåande «Base die»: Dette er feil lesing av meg. Det er meint som ein «base» av følgjande punkt…

    Uansett ikkje alvorleg feil, sidan alle brukte denne dyslektiske regelen.

    • This reply was modified 5 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
    #1419
    Sten Ole
    Participant

    HERE I STAND (RUNDE 4)

    Land:

    • Sturla: Ottoman
    • Rune: Hapsburg/Papacy
    • Jarle: England
    • Einar: France
    • Sten Ole: Protestant

    Spelet starta etter litt surring mellom England og Frankrike. Noko må dei ha blitt enige om fordi Frankrike løfta ikkje ein finger når Engelske rødkapper troppa inn i Edinbourgh. Samtidig smalt det i Bordeaux og Marseille etter eit snikangrep sørfra leia av Hapsburg-Charles. Etter gjentakande motgang også mot den standhaftige Bynasjonen Metz, måtte Frankrike hive inn det kvite håndkle og innrømme tap. I mellomtida gjekk Ottoman på ein ydmykande tap mot Ungarn i Buda. Protesantane fekk bre seg fritt utover mens krigspaven Clemet viste ambisjoner om å erobre Nord-Italia.

    England forsøkte ein dristig plan om å seile ein hær til Nord-Spania. Dette fekk alarmbjellene i Hapsburg-HQ til å ringe med massiv troppeoppbygning i sør. England klarte på kløktig vis å stjele ein nøkkelby sjølv om hovedstaden ikkje lot seg ta. Men heldigvis for Hapsburg, blei det eit bryllup som avslutta krigen på ein fredeleg måte. Nasjonalskattane til Spania blei verande der dei var. Men Hapsburg klarte samtidig ikkje å stå mot presset i Øst. Ungarn hadde kapitulert plutseleg og uventa, og Suleimann bruke TREACHERY til å tvinge seg inn i Vienna og Praha. Byane brant til ære for sultanen.

    Med ein nesten mirakuløs tidleg publikasjon av det nye testamentet godt hjelpt til av skrivepressa, blei Luther høyrt i alle hjørner av Tyskland. Mottakelsen vekka politiske krefter som ikkje var einsretta med Charles. Og denne vekkelsen var tydelegvis ein trussel for heile det europeiske kontinentet. England og Ottoman erklærte krig for å stoppe denne nye makta. Engelske soldater troppa inn i Trier. Ottomanske tropper forsøkte eit angrep mot Wittenberg, men blei stoppa av den tapre John Frederick. Berre franskmenna ville hjelpe mot den Ottomanske trusselen. Den nye paven Paul, såg også at den radikale protestantiske vinden måtte temmes og satte igang organisert bokbrenning. I frykt for å også bli kasta i ilden, returnerte fleire tyskarar til den sannferdige og allmektige katolisismen.

    Krigen i Frankrike blussa opp igjen med nye franske nederlag. Pave Paul gjekk over til ein liturgi som la meir vekt på kanoner og angreip også det svekka Frankrike med blanda resultat. Den ottomanske sjøforsvaret sank under brutale kamper på sjøen. Landgang i Algiers satte ein effektiv stopper for Ottomansk sjøaktivitet. I løpet av all kriginga blei det også sendt ekspedisjonar vestover i håp om å finne gull, poteter og andre Amerikanske kuriøsiteter. Utfordringane gjorde fleire overbevist om at ei jordomseiling var umulig og at jorda kanskje til og med var flat. Poteter derimot fann ein mykje av.

    Då røyken la seg, var verden i ruiner. Berre England stod igjen med sitt nye overhode Edward, som dessverre hadde fått ein tidleg kreftdiagnose. Med si tru på alternativ medisin og protestantisme beordra han sine soldater til å dele ut påmeldingsbrev til “The Church of England,” gjerne med ein høfleg invitasjon til å signere. Suksessen var total og bare delvis forsura av ei gjenreising av den klassiske Lutheranismen i Tyskland.

    Reglar, reglar, reglar…

    Reformasjonar
    På veg heim fra spelekvelden fann eg ut at Player Aiden gir eit feil bilde på reformasjon-checks. Det var altså feil å bruke 1 terning som base. Det som blir sagt er at basen er alle dei normale modifierane lagt saman. Og dersom det ikkje er nokon, får du 1 terning istadenfor (Dette kan vere tilfelle om du tar eit reformasjonsforsøk over ei sjøsone eller over eit fjellpass). Eg skylder på Rune for å ha snakka med så mykje overbevisning når han sa det. Konsekvensen blei stort sett at reformasjonen gjekk litt for godt både i Tyskland, Frankrike og England. Samtidig trur eg noko av disse utslaga blei dempa av diplomatisk handling. Me hadde det kanskje gøy likevel. Eller Kekab blei det i alle fall på oss, så me har all grunn til å vere fornøyd.

    Unrest
    Me spelte unrest litt feil, takka vere meg. Unrest hindrer ikkje move actions, men hindrer omtrent alt anna. Du fjerner den på same måte som du tar kontroll berre at du ikkje trenger line of communication. Det vil sei, du må enten stå på same feltet eller du må stå på sida av, men ikkje ha fiendtlege units i nærheten. Unresten som blei lagt i Frankrike burde derfor vore marginalt meir effektiv.

    Inntrykk
    Eg trur gjennomspelinga gjekk veldig bra. Både Einar og Jarle var ferske og tok spelet veldig godt på tross av at dei måtte leve med valga dei tok tidleg i spelet. Rune såg ut til å spele med sjølvtillit og mot sjølv om han var belemra med å spela to faksjonar på ein gong. Sturla gjorde mykje bra og kunne kanskje ha vunne sjølv om terningane sjelden var med han. Dynamikken i spelet trur eg er nærmare det som det skal vere i forhold til det me har opplevd før i Here I Stand. Diplomatiet fungerte til å regulere at alle hadde litt medgang og motgang.

    Eg trur kanskje mykje av trikset i spelet er å sjå korleis folk ligger an og utnytte din eigne faksjons mulighet til å realisere skjulte poeng plutseleg. England kan relativt lett skaffe opptil 7 poeng på protestantismen og 5 poeng på tronfølger. Protestantane få få ein mektig boost når schmalkadic league blir spelt og kan legge nesten ferdige bibeloversettingar på lur til strategiske tidspunkt. Hapsburg kan få ein boost med å plutseleg angripe Protestants. Papacy vil etter kvart få mektige debattantar som gir mulighet til å brenne mange protestantar og vinne territorie samtidig. England, Frankrike og Ottoman kan i tillegg utnytte det ustabile aspektet med at keys er verdt 2 VP for dei. Dette betyr at med rette korta og ein forhåndsoppbygd hær kan dei utrette mykje på kort tid utan at nokon kan reagere.

    Eg trur England klarte å balansere korleis han forvalta dei ulike måla til faksjonen sin. Operasjonen til Spania var risky og var nok katalysator for at Hapsburg knakk saman i aust som setter spelets skjebne i andre hender enn sine eigne. Angrepet på Protestant var nødvendig, men hadde neppe vore nødvendig om Papacy hadde gjort jobben sin.

    Frankrike angreip Metz, som eg trur var klokt (sjølv om det gjekk heilt forferdeleg), siden du får beholde den sjølv om du må “sue for peace” og at Hapsburg vil som regel legge kvar på denne. Han blei møtt med urimeleg mykje fiendskap av Papacy og Hapsburg. Dette gjorde det vanskeleg å kome i gang. Mulig at vennskapet med England var litt for einsidig sidan Frankrike gav fra seg Skottland utan å få stort tilbake.

    Ottoman gjorde jobben sin, trur eg. Han kom ikkje heilt i mål med dei fjerne angrepsmålene. Dette var nok delvis på grunn av feil kort på hånd, uventa terningtrill og fiendtlege mothandlingar.

    Papacy gjekk for krig, som gir langsiktig inntekt, som bygger eit fiendebilde av Tyskland fordi dei blir mektigare raskare. Det er derimot strevsomt å jobbe mot reformasjonen når den er godt i gang. Det spørs om strategien er god. Krigshandlinger inn mot Frankrike er spesielt tvilsomme siden dei har vanskeleg for å ta keys.

    Hapsburg bygde hærar i Spania både mot engelsk aggresjon og for å angripe Frankrike. Wien og Spania var fraskilt heile spelet som endte med at Hapsburg ikkje kunne holde i aust og hadde ikkje militære svar mot Protestant. Det er mulig at han burde gjort meir for å ha ei kopling mellom desse plassane slik at han kunne brukt winter phase og spring deployment til å flytte tropper til der dei trengs mest. Allianse med Frankrike ein runde eller to er ein mulighet.

    • This reply was modified 5 years, 2 months ago by Sten Ole.
Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 28 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.