Velkommen til den hypotetiske antikken der imperier frå ulike epokar og geografiske område møter kvarandre. Dette er ein verden me ofte speler i, ofte nok til at me klarer kanskje å tru på det.
Men men, eg tenkte eg kunne skrive noko positivt om Imperial Settlers. Det er eit spel det kan vere lett å undervurdere fordi det ligg saman i ein kategori av spel som egentlig ikkje passar inn i klubbspeling. Det er kort, enkelt og har ein del flakselement innebygd i seg. Det er eit spel som inviterer til mestring frå sekund 2. Spel som faller i same båten er Star/Hero Realms, Dominion, Ascendency, osv… Dei er lette å undervurdere og oversjå.
Men Imperial Settlers er eit bra spel likevel. Du får utdelt halvveis tilfeldige kort, du må forvalte ressursar som går i dass om du ikkje bruker dei. Du må fintelle kva du har og kva ting koster og finne beste løysinga for runden. Elementet som klubbspeling ikkje legg til rette for er å finne ut av motorane (som er nøkkelen til suksess) i faksjonane. Om du speler Imperial Settlers berre ein gong er det rein bingo om du får noko til. Det du prøver å oppnå er å lage eit av systema som faksjonen din legg til rette for. Den som gjer det best, vinner.
Spelet blei prøvd i går. Me var middels underholdt av spelet men ikkje meir. Regelheftet var skrive for å skjule mest mulig av reglane, så det hadde nok vore betre å berre lært spelet frå youtube. I sum var det ein middelmådig spelekveld. Som klubbspel eller fillerspel er det uegna. Det krever at vi er innkjørt i reglane og veit kva som er konseptet bak faksjonane på forhånd.
Som familiespel synes eg Imperial Settlers hadde vore veldig bra. Det har passelig med dybde og kan speles ofte og mykje før du blir heilt lei av det.